Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Legetenester

Hovudinngang Ål helsetun

LEGEVAKT

LEGEVAKT

Logo legevakt

Felles legevaktnummer i heile landet – 116117 – heile døgnet 

116117 er felles legevaktnummer for heile landet.
Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og det er gratis. Du vil få svar frå legevakta i det området du oppheld deg. 
Dette nummeret kan også nyttast dersom ein skal ringe Hallingdal legevaktsentral frå ein annan stad i landet. 

Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som eigen fastlege ikkje kan handtera. 

Når du treng legehjelp – kven skal du ringe til?

  • Fastlegen ved lokalt legekontor - i vanleg arbeidstid, også for øyeblikkeleg hjelp. (Ål legekontor tlf. 32 08 53 50).

  • Legevakt 116117 – når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente

  • 113 – når det er akutt og står om liv. 

    Ring først!

    Legevakta er open heile døgnet.  Når du ringjer på førehand, kan du få råd, tilpassa hjelp og eventuelt timeavtale med lege. 

     

    Når skal du kontakte legevakta på dagtid?

    Vi oppmodar deg til å bruke Ål legekontor (tlf. 32 08 53 50) og fastlegen på vanleg dagtid fordi desse oftast har best føresetnad for å gje deg rett helsehjelp. Fastlegane har avsett tid til å ta i mot pasientar på kort varsel. 

    Dersom du

  • treng rask legehjelp på vanleg dagtid,

  • og fastlegen ikkje er tilgjengeleg

    tek du kontakt med legevakta ( tlf. 116 117). Her vil du på dagtid møte andre legar frå Ål legekontor. 

    Dersom det er akutt og står om liv, ring 113.  

    Når skal du kontakte legevakta på kveld, helg og natt?

    Den interkommunale legevakta på kveld, helg og natt (tlf 116 117) skal nyttast til helseproblem som ikkje kan vente til vanleg arbeidstid. 

     

Korleis henvender du deg til legevakta?

Lokala ligg i underetasjen i det nye helsetunbygget (Helsetunvegen 15).  Det er skilta med legevakt.  Legevakta har personell  til stades i vaktlokala gjennom heile døgnet.   Vi ber deg likevel om ringe før du kjem. Dette både for å unngå unødig venting og for få gode råd. Nokre gonger kan ei slik samtale gjera legevaktbesøket unødvendig. 

  

 

Døve - SMS teneste

Ål legekontor tilbyr SMS-teneste for døve.  Mobiltlfnr: 99 11 77 18
På denne telefonen kan du bestille/avbestille time hos fastlegen din, dessuten gjøre reseptbestilling – bare via SMS. 
Telefonen blir besvart på alle hverdager kl. 08.30-15.30, men er ingen akutt-telefon

Ved akutte og livstruande tilstandar:
Nødvarsling for teksttelefon: 1412

Nødvarsling på SMS: 2080 (begynn med å skrive 149,  deretter mellomrom og så melding med navn, døv, hva, hvor)                                                                              

Har du behov for øyeblikkelig hjelp (legevakt):  Reis direkte til legevakta. Vi arbeider med å finne betre løysingar på dette.

Hallingdal nattlegevakt

Hallingdalskommunane unnateke Flå har samarbeid om felles nattlegevakt.
Legevakta på natt, dvs i tidsrommet 23.00 – 08.00, vil vere fast lokalisert på Ål.

Lokala ligg i underetasjen i det nye helsetunbygget (Helsetunvegen 15). 
Legevakta er bemanna med lege og sjukepleiar som er til stades i vaktlokala gjennom heile natta.

Vi ber deg likevel om ringe før du kjem. Dette både for å unngå unødig venting og for få gode råd. Nokre gonger kan ei slik samtale gjera legevaktbesøket unødvendig.

 

 

LEGEVAKT

Logo legevakt

Felles legevaktnummer i heile landet – 116117 – heile døgnet 

116117 er felles legevaktnummer for heile landet.
Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og det er gratis. Du vil få svar frå legevakta i det området du oppheld deg. 
Dette nummeret kan også nyttast dersom ein skal ringe Hallingdal legevaktsentral frå ein annan stad i landet. 

Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som eigen fastlege ikkje kan handtera. 

Når du treng legehjelp – kven skal du ringe til?

  • Fastlegen ved lokalt legekontor - i vanleg arbeidstid, også for øyeblikkeleg hjelp. (Ål legekontor tlf. 32 08 53 50).

  • Legevakt 116117 – når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente

  • 113 – når det er akutt og står om liv. 

    Ring først!

    Legevakta er open heile døgnet.  Når du ringjer på førehand, kan du få råd, tilpassa hjelp og eventuelt timeavtale med lege. 

     

    Når skal du kontakte legevakta på dagtid?

    Vi oppmodar deg til å bruke Ål legekontor (tlf. 32 08 53 50) og fastlegen på vanleg dagtid fordi desse oftast har best føresetnad for å gje deg rett helsehjelp. Fastlegane har avsett tid til å ta i mot pasientar på kort varsel. 

    Dersom du

  • treng rask legehjelp på vanleg dagtid,

  • og fastlegen ikkje er tilgjengeleg

    tek du kontakt med legevakta ( tlf. 116 117). Her vil du på dagtid møte andre legar frå Ål legekontor. 

    Dersom det er akutt og står om liv, ring 113.  

    Når skal du kontakte legevakta på kveld, helg og natt?

    Den interkommunale legevakta på kveld, helg og natt (tlf 116 117) skal nyttast til helseproblem som ikkje kan vente til vanleg arbeidstid. 

     

Korleis henvender du deg til legevakta?

Lokala ligg i underetasjen i det nye helsetunbygget (Helsetunvegen 15).  Det er skilta med legevakt.  Legevakta har personell  til stades i vaktlokala gjennom heile døgnet.   Vi ber deg likevel om ringe før du kjem. Dette både for å unngå unødig venting og for få gode råd. Nokre gonger kan ei slik samtale gjera legevaktbesøket unødvendig. 

  

Prøvetaking og medikamentell behandling

Prøver forordna av andre enn legar ved Ål legekontor

Ål legekontor er vanlegvis behjelpelege med å få teke blodprøver og andre typer prøver forordna av andre instansar enn fastlege ved legekontoret. Vi ber om at du som pasient samtykkar i at prøvesvar  både vert sendt til den instansen som har forordna prøva og til fastlegen. Dette for å sikre at journalen din ved Ål legekontor inneheld alle nødvendige opplysningar.

Ål legekontor er likevel ikkje behjelpeleg med prøver der fastlegen vurderer det slik at den etterspurte prøven ikkje er medisinsk nødvendig for å utgreie eller behandle sjukdom, skade eller lyte. Dette er ein fylgje av gjeldande «Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse av sykdom, skade eller lyte», § 1.

I slike tilfelle vil Ål legekontor enten avvise å ta den aktuelle prøven eller kunne påta seg å ta prøva mot at kostnaden med dette fullt ut vert dekka av pasienten eller av den som har forordna prøva. Vi rår pasientane til å drøfte dette med aktuelle instans som har forordna prøva. Dersom den aktuelle instans meiner at det likevel vil kunne vera medisinske grunnar til å ta aktuelle prøve, bør ei slik grunngjeving sendast fastlegen skriftleg.

Dersom fastlegen / Ål legekontor skulle vera villege til å ta og sende inn ei prøve som ikkje er medisinsk begrunna,  vil du som pasient kunne få ei foreløpig berekning av kostnaden med sjølve prøvetakinga, forsendingskostnad, administrative kostnader, analysekostnad og kostnad med oppfølging.

 

Medikament forordna av andre enn legar ved Ål legekontor

Ål legekontor er vanlegvis behjelpeleg med medikamentell behandling (t.d. setjing av sprøyter) forordna av andre instansar enn fastlege ved legekontoret.

Det er imidlertid nokre krav som må vera oppfylt:

  1. Det må føreliggja ei epikrise eller eit brev frå den legen eller den instansen som har forordna medikamentet. Her må det gå fram kva som er bakgrunnen for medisineringa og det må vera formulert ei form for bestilling av dei tenester fastlegen / Ål legekontor / heimesjukepleien vert bedt om å utføre.
  2. Fastlegen må på denne bakgrunn vurdere behandlinga som medisinsk forsvarleg, dvs at behandlinga ikkje kan medføre nokon risiko eller ha større skade enn nytte for pasienten.
  3. Medikamentet må vera godkjent til bruk i Noreg. Dersom medikamentet ikkje er registrert i Noreg, er det forordnande instans som må søke om registreringsfritak. Ein viser til regelverket: http://www.legemiddelverket.no/godkjenning_og_regelverk/godkjenningsfritak/Sider/default.aspx

Pasienten må kunne vise til ei skriftleg godkjenning frå legemiddelverket og forordnande instans må gjennom brev eller epikrise ha bedt om at fastlegen / Ål legekontor tek på seg oppgåver i samband med behandlinga.

Ål legekontor kan ikkje vera behjelpeleg  med medikamentell behandling som ikkje tilfredsstiller krava ovanfor.

 

Legetenesta i Ål

Ved legekontoret er det tilsett 6 privatpraktiserande legar. I tillegg har vi 1 turnuslege. Det er til saman 8 kommunalt tilsette sjukepleiarar og helsesekretærar ved kontoret.

I kontortida kl. 08.30 - 15.30 ringjer du tlf 3208 5350.
Her kan du bestille legetime, resept, blodprøvetaking, sårskift o.l.

Hugs å bestille resept i god tid.

I tidsrommet 11.45 - 12.45 har vi redusert bemanning i ekspedisjonen, så det kan bli litt venting på telefonen.

E-post - Legetenesta i Ål

Det er mogleg å nytte e-postadressa til Ål legekontor;

legekontoret@aal.kommune.no til bestilling av resept og til enkle spørsmål rundt medisinar eller reseptar.

E-post til legekontoret blir ikkje vurdert som 100% sikker kommunikasjon; det finst risiko for at uvedkomande kan få tilgang til e-posten. Det er difor viktig at du ikkje skriv personnummeret ditt eller annan sensitiv informasjon i e-post til legekontoret; bruk berre fullstendig namn.

Vi vil også gjerne at du oppgjev eit telefonnummer/mobilnummer der vi kan nå deg, dersom det er behov for avklaringar rundt bestilling, spørsmål eller beskjed vi får frå deg.

Elles når du legetenesta på telefon: Legevakt 32 08 24 88 ved behov for øyeblikkeleg hjelp - også på dagtid

Ål legekontor 32 08 53 50 for andre typer spørsmål, t.d. timebestilling, bestilling av sårskift, resept,blodprøver, o.l

Ål legekontor

Besøksadresse:

Helsetunvegen 15
3570 Ål

Telefon: 32085350

Røykeslutt

Har du vore inne på tanken om å slutte?
Har du vore inne på tanken om å slutte? Dei fleste kjenner at dei både vil og ikkje vil slutte. Passar det eigentleg å slutte akkurat no? Til det vil nok mange, ôg kanskje du ôg svare at det aldri passar heilt. Likevel er du nødt til å bestemme deg dersom du vil stumpe røyken for godt. den som sit på gjerdet og ventar på augneblikket då alle brikker fell på plass, kan bli sitjande lenge.
Her er stader du kan vende deg til for å få litt drahjelp på vegen:

Du kan ôg laste ned "Slutta"- appen gratis til din telefon. 

Kontakt Hilde N. Frantzen. Tlf. 901 75 205 hnf@aal.kommune.no 
Les mer om røyke- og snusslutt på www.helsenorge.no

Frisklivssentralen Tel. +47 32 08 52 03 

Torget 1, 3570 Ål 95 98 04 95 friskliv@aal.kommune.no 
Frisklivssentralen har individuelle samtalar og tilbod om røykesluttkurs.

Fastlegar i Ål

Vi har 6 fastlegar i Ål.  

Anne Tunestveit har gått over til stilling som sjukeheimslege.  Karoline Horn Strømmen Solheim overtek denne fastlegelista.

Paschal O. Nyangoto skal ha permisjon 01.08.16-01.02.17.
Keitumetse Linda Motaung vikarierer på denne lista til i denne perioden. 

Dvs vi har desse fastlegane; 

  • Marianne Lerberg

  • Robert Tunestveit

  • Toril Bøyum

  • Paschal O. Nyangoto (vikar Keitumetse Linda Motaung)

  • Johannes H. Poulsen (vikar Keitumetse Linda Motaung)

  • Karoline Horn Strømmen Solheim (vikar Kari Svenkerud Fresvik) 

Alle legane har opne lister innimellom.  Dersom du ikkje er fornøgd med fastlegen din eller har lang ventetid på time hos fastlege, oppfordrar vi deg til å bytte fastlege. Under Legetenestene, står det om fastlegeordninga og om korleis du bytter fastlege.  Du kan også få rettleiing ved å ringe Ål legekontor.

Dersom du har behov for øyeblikkeleg hjelp, vil du nokre gonger få time hjå ein annan lege enn fastlegen din.  Dette fordi vi av praktiske årsaker har flytta øyeblikkeleg hjelpsfunksjonen ut frå legekontoret. Dei ulike fastlegane jobbar ø-hjelp (daglegevakt) på omgang.

Fastlegeordninga

Alle personar som har folkeregistrert adresse i Noreg, og asylsøkjarar som har D-nummer, har rett til å stå på ei fastlegeliste. Dersom du har krav på fastlege, vil også dine eigne barn under 16 år ha rett til å stå på den same fastlegelista som foreldra. Personar som har flytta innanfor Noreg, og innan 3 år flyttar tilbake til tidlegare kommune, kan få tilbake tidlegare fastlege.

Dersom du vel å stå utanfor fastlegeordninga, har du ikkje krav på legetime hos ein fastlege, berre øyeblikkeleg hjelp. 

Du kan bytte fastlege 2 gonger pr kalenderår. I tillegg kan du bytte fastlege dersom du melder flytting til folkeregisteret eller dersom fastlegen sluttar eller reduserer lista si.

Du kan fritt velje mellom fastlegar som har ledig plass på si liste. Det er ikkje mogleg å setja seg på venteliste hos ein fastlege som har full liste. Du kan velje fastlege i ein annan kommune enn der du bur.

Du kan bytte fastlege sjølv ved å gå inn på MinFastlege .  Her kan du også finne oversikt over tilgjengelege fastlegar i ditt fylke og kommune.  Du kan også bytte fastlege ved å ta kontakt med Fastlegetelefonen på telefon 810 59 500. Fastlegebyttet gjeld frå den første dagen i månaden etter at det er registrert.

Treng du meir informasjon?  Sjå helsenorge.no eller ring Fastlegetelefonen tlf. 810 59 500.

Nødnett

Nødnettet er felles for nødetatane; brann, helse og politi, og skal sikre ein betre og meir effektiv kommunikasjon innanfor og mellom nødetatane.  
Politi, brannvesen og ambulansetenesta har allereie teke systemet i bruk. 

Alle legekontor i Hallingdal har minst to telefonnummer; eitt legevaktnummer som er meint for hastehenvendelsar, og eitt telefonnummer som meint for vanleg timebestilling og andre medisinske spørsmål.

Før innføring av nødnett i legetenesta, kom publikum til det enkelte fastlegekontor når ein ringte legevaktnummeret i kontortida, og til Hallingdal Legevaktsentral på helg, kveld og natt.  
Etter innføring av nødnett i Hallingdal vil alle henvendelsar til legevakt bli besvart ved Hallingdal Legevaktsentral heile døgnet.  Det er altså legevaktnummeret som heretter blir besvart av operatør på Hallingdal Legevaktsentral, og som deretter varslar rett legekontor.

Telefonnr til legevakt for Ål er det same som før; 32082488. Dette telefonnummeret skal berre brukast ved behov for øyeblikkeleg hjelp.  

Ved akutt/livstrugande sjukdom eller skade ringer du som før 113.

Mine reseptar

Mine resepter er ei Internett-basert teneste som er eit tilbod frå Helsedirektoratet.

Tenesta gir deg som har fått ein eller fleire elektroniske reseptar (e-reseptar), oversikt over dei aktive reseptane dine, legemiddel/varer du har fått utlevert hos apotek, og talet på utleveringar som eventuelt står att.   Løysinga omfattar også reseptane til borna dine (0-16 år) og eventuelle fullmakter.

Du må ha en elektronisk ID på sikringsnivå 4 for å få tilgang til Mine resepter; BankID, Buypass-ID eller Commfides e-ID. 

Du kan lese meir om tenesta Mine resepter her, eller kontakt e-resepttelefonen 800-43573 (800 Helse)

Kontakte oss?

BESTILL RESEPT, BESTILL LEGETIME, ENDRE LEGETIME ELLER GJE BESKJED TIL ÅL LEGEKONTOR

Vi ynskjer å gjera kontakt med oss så enkel som mogleg.  

Difor kan du no bestille resept, bestille eller endre legetime eller gje oss beskjed via SMS. Det kan ta opptil 2 dagar før resept er klargjort. 

Send til 2097:

ÅL fødselsdato, namnet ditt, hastegrad.

(unngå å skrive sensitiv informasjon) 

Kr. 6,- pr. motteken SMS.

Du kan også gå inn på:

https://helserespons.no/web/aal

eller last ned app: Helserespons

Mine vaksiner 

Tenesta Mine vaksiner gir deg moglegheit til å sjekke vaksinasjonsstatus for deg sjølv, eller skrive ut eit vaksinasjonskort på norsk eller engelsk. 
I samband med reise, utdanning og jobb i utlandet er det ofte eit krav om å vise vaksinasjonsdokumentasjon.  Du kan få tilgang til oversikt over vaksinene til barnet ditt dersom barnet er under 16 år og har same folkeregistrerte bustadsadresse som deg. 
Tilgang til Mine vaksiner får du via eigen innlogging der du treng elektronisk ID. 

Dersom helsestasjonen eller fastlegen registrerer vaksinene dine i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK, kan du seinare logge deg på og sjå vaksiner du har fått. 

Du finn meir informasjon om kva type vaksiner som blir registrerte i Mine vaksiner via http://helsenorge.no/Selvbetjening eller under http://www.fhi.no/tjenester/mine-vaksiner

Innlogging til Mine vaksiner er via http://helsenorge.no/Selvbetjening

Betaling

Dersom du ikkje betaler for legetime, forbruksmateriell osv. ved legetenestene (betalingsautomat), vil det automatisk bli sendt ut giro med gebyr (kr. 55,- i gebyr).

Dersom du har fått frikort, ber vi om at du gjev beskjed i ekspedisjonen slik at vi sjekkar at dette er registrert.

Vi minner om at du må betale for forbruksmateriell. Dette gjeld også dersom du har frikort og det gjeld for barn. 

Du skal kunne forvente at legen er interessert i å finne ut kva som feiler deg!

Jordmor

Jordmortenesta har kontor på helsestasjonen. Du finn meir informasjon her