Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Helseekspressen

 Bilete frå hovudinngang Ål helsesenter

Helseekspressen og Helsebussen er spesialtilpassa for pasienttransport og tilbyr behageleg og trygg reise til og frå sjukehusa.

Helsebussane har sitjeplasser med ekstra god beinplass, komfortstolar, rullestolheis, handikaptoalett, og ein servicemedarbeidar ombord. Helseekspressane har i tillegg båreplassar, hjartestartar, overvakingsutstyr og ambulansepersonell ombord.

Bestilling av reise med helseekspressen og helsebussen må gjerast på tlf. 05515. Hugs å bestille plass i god tid.

På Ål går Helseekspressen frå Ål helsetun ved hovudinngangen.

Her finn du tidtabellen