Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Heimetenester

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ei døgnkontinuerleg teneste som blir gjeve til personar som bur heime og som har behov for nødvendig helsehjelp.
Du kan søkje om heimesjukepleie når du bur heime eller oppheldt deg i Ål kommune og:

  • du har eit helseproblem eller funksjonssvikt som medfører behov for sjukepleie i eigen heim, for eksempel til pleie, medisinar, smertebehandling, ernæring, personleg hygiene eller sårstell.
  • du treng etterbehandling eller opptrening til å klare deg sjølv.
  • du treng nokon som observerer eller utgreier helsetilstanden din i heimen.
  • omsorg ved livets slutt.

Heimetenestene har normalt ikkje høve til å følge til lege eller tannlege.

Ordninga er behovsprøvd slik at det berre er personar med særskilte behov som vil få ordninga innvilga.

Det må søkjast om tenesta. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av heimesjukepleie.

Heimesjukepleie er gratis.

Melding om behov.pdf

Du kan kontakte Servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som vert lagt med søknaden.

For meir informasjon, kontakt:
Servicetorget
Ål kommune
Telefon: 3208 5000

Avdeling heimetenester
avdelingsleiar
Telefon: 3208 5241
Mobil: 906 84314

Heimehjelp/praktisk bistand

Kommunen tilbyr praktisk bistand og opplæring til dei som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker.

Du kan søkje heimehjelp når du bur heime eller når du oppheldt deg i Ål kommune og du er heilt avhengig av hjelp til å meistre praktiske gjeremål.  

Reinhald inneber vask av rom som er i dagleg bruk.  Målet med tenesta er å gje brukaren hjelp til å meistre å bu i eigen bustad. 

Det blir gjort ei individuell vurdering i forhold til kvar einskild brukar og søknad. 

Kommunen har ikkje høve til å dekke praktisk bistand til

  • storreingjering/rundvask
  • reingjering av teppe ut over støvsuging
  • reingjering av rom ein ikkje nyttar
  • rydding eller vasking av kjellar eller loft
  • pussing av vindauge
  • vask av altan/terrassar
  • pussing av sølv, kopar og messing
  • hogge/bere ved
  • hagearbeid/plenklipping
  • stryking av tøy
  • stell av dyr

Kommunen har ikkje høve til å gje praktisk bistand på helligdagar.

Heimetenestene handlar normalt ikkje inn matvarer, men du kan få hjelp til å bestille matvarer og få køyrt desse heim av Frivilligsentralen. Du betaler sjølv for varetransporten.

Du skal sjølv ordne bank- og posttenester og skaffe andre nødvendige varer, som for eksempel klede.  Heimetenestene har vanlegvis ikkje høve til å følge til lege eller tannlege.

Pris for heimehjelp: betalingssatsar basert på inntekt. 

Det må søkjast om tenesta. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av heimehjelp.

Melding om behov.pdf

Du kan kontakte Servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som vert lagt med søknaden.

For meir informasjon, kontakt:
Servicetorget
Ål kommune
Telefon: 3208 5000

Avdeling heimetenester
avdelingsleiar
Telefon: 3208 5241
Mobil: 906 84314

Matombringing

Tilbod om matombringing kan bli gjeve til personar som treng hjelp til å ivareta sitt ernæringsbehov. Middagen vert laga ved Felleskjøkkenet Hol-Ål og køyrt ut av avdeling miljøterapi.

Det kan leverast inntil 7 middagsporsjonar pr. veke, og maten blir køyrt ut 3 gonger pr. veke.
Middagen er nedkjølt, vakuum- og porsjonspakka. Det kan leverast ulike diettar.
Porsjonspakkane er merka med siste forbruksdag og leveringsdato. Tilbodet kan vere for ei periode ved til dømes sjukdom. Middagen blir levert heim til brukaren.

Søknad skjer skriftleg ved melding av behov.

Melding om behov.pdf

Du kan kontakte Servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som vert lagt med søknaden.

For meir informasjon, kontakt:
Servicetorget
Ål kommune
Telefon: 3208 5000

Avdeling heimetenester
avdelingsleiar
Telefon: 3208 5241
Mobil: 906 84314

 

Du kan kontakte Servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som vert lagt med søknaden.

For meir informasjon, kontakt:
Servicetorget
Ål kommune
Telefon: 3208 5000

Avdeling heimetenester
avdelingsleiar
Telefon: 3208 5241
Mobil: 906 84314

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm skal gje tryggleik for brukaren. Tryggleiksalarmen ber ein på kroppen som "smykkesendar", og den kan nyttast ved akutte behov for å nå helsepersonell.  Alarmen koplar ein til telefonnettet og går direkte til alarmsentralen. Alarmmottak for Ål kommune ligg hjå SOS International som har kvalifisert helsepersonell som bemannar sentralen 24 timar i døgnet.
Der vil dei vurdere naudsynte handlingar og vidareformidle beskjedar til rett instans som t.d pårørande, legevakt eller heimesjukepleien sin vakttelefon.

GPS-alarm

Det er også mogleg å søke om GPS-alarm med 2-vegs alarm.  Dette vil dekke område også utanfor heimen, så sant det er mobildekning.

Ei samla vurdering av behovet til søkjaren vert gjort etter desse kriteria:

  • har lett for å falle eller har problem med å bevege seg
  • er utrygg
  • helsemessige årsakar
  • må ynskje alarm og forstå bruken av denne

Det må søkjast om tenesta. Du kan kontakte servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.

Heimetenesta vil ta kontakt og avtale eit heimebesøk innan 10 dagar etter at søknaden er motteke. Du vil få svar på søknaden seinast 4 veker etter at søknaden er motteke.

Melding om behov.pdf

Tildelingsteamet i kommunen behandlar søknad om tryggleiksalarm og fattar vedtak om tildeling av alarm.

Betaling for bruk av tryggleiksalarm vert vedteke i kommunestyret kvart år. Sjå betalingssatsar for Ål kommune.

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er eit nasjonalt satsingsområde, og eit viktig verktøy i møte med framtida sine utfordringar. Satsing på velferdsteknologi kan gi auka livskvalitet for brukarane, høgare kvalitet på tenestaene, innsparing for kommunane, dessutan ha effekt i forhold til rekruttering.

Ål kommune er i gang med å implementere velferdsteknologi i arbeidet for å betre kvaliteten i dei kommunale pleie-, omsorgs- og rehabiliteringstenestane. Behovsstyrt velferdsteknologi i kombinasjon med organisering av tenestene kan bidra til auka sikkerheit, tryggare brukarar, pårørande og tilsette, og meir målretta og samfunnsøkonomisk utnytting av tilgjengelege ressursar.

Prosjektet rettar seg særskilt mot å prøve ut tekniske løysingar for å registrere og varsle personalet ved:

Nattevandring. Når bruker forlet seng, rom eller bolig nattestid

  • Fall og/eller fråvær fra seng

Eit sentralt punkt er at løysingane skal tilpassas individuelt for kvar brukar og den einskilde sin situasjon og behov.

Målgruppe 

  • personar i eigen heim eller omsorgsbustad som kan nyttiggjere seg velferdsteknologiske løysingar (primærbrukerar)
  • pårørande til primærbrukerane
  • tilsette i helse og omsorgssektoren

Ein tek sikte på å vinne erfaringar med teknologistøtte til natt-tilsyn hjå brukerar med ulike somatiske og kognitive utfordringar og i ulike buformar.

Målet med Velferdsteknologi/Digitalt natt-tilsyn

Auka kvalitet i kommunen si natt-teneste

  • Auka tryggleik for brukarar, pårørande og tilsette med ansvar for tilsyn på natt
  • Betre ressursutnytting
  • Behov for endra omsorgsnivå til brukerar med aukande bistandsbehov blir utsett

 

hjemmetjenester, omsorgsbolig, trygghetsalarm, omsorgslønn, hjemmehjelp