Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Folkehelse og førebygging

Folkehelse

Folkehelselova stiller krav til kommunen om helsefremjande planlegging på alle nivå. Ei vurdering av helsetilstanden og faktorar som påverkar denne skal leggast til grunn for planlegging. Det overordna målet i folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse, og å redusere sosial ulikskap i helse. Samfunnsdelen av kommuneplanen er eit fundament for helsefremjande samfunnsplanlegging. Tiltaka vil vera tverrsektorielle, ofte i samarbeid med friivllege lag og organisasjonar og retta mot alle innbyggjarar eller grupper av befolkninga.  

Kommunen har ein eigen folkehelsekoordinator:
Hilde Nysæther Frantzen, hnf@aal.kommune.no mobil: 90 17 52 05

Kommunane i Hallingdal har også gått saman om ein felles interkommunal folkehelsekoordinator:
Jørund Li, Jorund.Li@aal.kommune.no, mobil 90 97 48 86.

Folkehelseprofil

Her kan du sjå Ål kommune sin folkehelseprofil

Oversikt Folkehelse i Ål - tekstdokument

Oversikt Folkehelse i Ål - tabellar og figurar

 

Hallinghelse

Her finn du lenke til Hallinghelse 

I tillegg driv det interkommunale Miljøretta helsevern Hallingdal eit arbeid for å sikre at miljøet rundt oss ikkje gjev skade, sjukdom eller helseulempe.
Her finn du lenke til Miljøretta helsevern i Hallingdal 

Førebygging

Førebygging er tiltak retta mot sjukdom og helseulemper, enten for å unngå sjukdom eller for å meistre sjukdom på ein betre måte. Førebyggjande tiltak er individretta eller grupperetta. 

Arbeid med førebygging skjer på ulike stader. Alt helsearbeid, enten det er i omsorgstenestene, behandling eller under psykisk helse, vil ha innslag av førebygging. Dei viktigaste aktørane er likevel: