Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Bustøtte

Kva er bustøtte?
Bustøtte er ein behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge buutgifter. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Kor er bustøttekontoret i kommunen?
Servicetorget, Torget 1, 3570 Ål. tlf. 32 08 50 00

Sjekk om du kan få bustøtte
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slags krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrense som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren. 

Søk bustøtte
Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgende månad. Viss du får innvilga bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk.

Meld frå om endringer
Du har plikt til å melde frå viss det er endringar i opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt rett opplysning i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustøtte
Viss du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du mottok vedtaket.   

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no  Du kan og vende deg til kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Regelverk

 

 

bustønad, bostøtte