Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ål bu- og behandlingssenter

Korttidsplass

Korttidsplass ved Ål bu- og behandlingssenter er eit behandlingstilbod til sjuke og pleietrengande som ikkje kan bu heime for eit kortare tidsrom på grunn av akutte problem.  

Tenesta blir tildelt utifrå fagleg vurdering og prioritering og til brukarar som:

  • treng medisinsk behandling og observasjon der det ikkje krevst sjukehusinnlegging
  • har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus
  • har akutt behov for institusjonsplass
  • har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov
  • treng rehabilitering/opptrening/vedlikehaldstrening
  • treng sosial stimulering  

Tenesta omfattar – ut frå behov:

  • hjelp til å meistre aktivitetar i dagleglivet
  • medisinsk oppfølging og behandling
  • rehabilitering og opptrening
  • pleie og omsorg ved livets slutt 

Korleis få tenesta

Pasientane på korttidsavdelinga blir innlagt av fastlege eller legevakt, frå heimesjukepleie eller frå sjukehus.  Du kan også søke om korttidsplass. Tenesta kan dessutan bli tildelt gjennom Tildelingsteamet.  

Lovheimel

Tenesta er i samsvar med Helse- og omsorgstjenestelova.

Skjema for melding av behov for tenester finn du her

Du kan kontakte omsorgskontoret eller servicetorget i kommunen for å få hjelp til å melde behov for tenester. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skrifteleg fullmakt som vert lagt ved søknaden. Det blir innhenta opplysningar for å kunne gjere ein heilheitleg og fagleg vurdering av søknaden. Det blir fatta vedtak i tildelingsteamet

Klage
Viss du ynskjer å klage på vedtaket er det klagerett etter lova. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke. Klaga skal sendast til Tildelingsteamet, Ål kommune, 3570 Ål.
Siste klageinstans er Helsetilsynet i Buskerud. 

Pris
Sjå Ål kommune sine betalingssatsar for opphald i institusjon
For meir informasjon, kontakt:

Omsorgskontoret tlf 3208 5229
Avdeling Tunet, avdelingsleiar tlf 3208 5212

Servicetorget Ål kommune tlf 3208 5000

 

Langtidsplass

Langtidsplass ved Ål bu- og behandlingssenter er eit bu- og behandlingstilbod der pleie- og omsorgstenestene ikkje kan gje tilstrekkeleg hjelp i eigen heim til brukaren.  

Alle kan få tildelt denne tenesta, uavhengig av alder, men flest brukarar over 65 år. 
Tenesta blir tildelt til dei som har samansette pleie- og omsorgsbehov som det ikkje er føremålstenleg  å dekke ved heimetenester. Tenesta blir tildelt utifrå ei samla vurdering av:

  • brukaren sin situasjon og eigenvurdering
  • pårørande sine vurderingar
  • legeopplysningar
  • tverrfagleg vurdering av helsesituasjonen til brukaren

Endra pleie og omsorgsbehov kan gi grunnlag for:

  • utskriving til heimen
  • overflytting til anna avdeling ved institusjonen eller anna helseinstitusjon

Tenesta omfattar døgnkontinuerleg tilsyn og hjelp for å meistre aktivitetar i dagleglivet.  Tenesta omfattar døgnkontinuerleg tilsyn og hjelp for å meistre aktivitetar i dagleglivet.  

Korleis få tenesta 

Skjema for melding av behov for tenester finn du her  

Du kan kontakte omsorgskontoret eller servicetorget i kommunen for å få hjelp til å melde behov for tenester. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skrifteleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.
Det blir innhenta opplysningar for å kunne gjere ein heilheitleg og fagleg vurdering av søknaden. Det blir fatta vedtak i tildelingsteamet. 

Lovheimel

Tenesta blir tildelt etter Helse- og omsorgstjenestelova. 

Klage
Viss du ynskjer å klage på vedtaket er det klagerett etter lova. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke. Klaga skal sendast til Tildelingsteamet, Ål kommune, 3570 Ål.
Siste klageinstans er Helsetilsynet i Buskerud. 

Pris

Sjå Ål kommune sine betalingssatsar for opphald i institusjon. 

For meir informasjon, kontakt:
Omsorgskontoret tlf. 32 08 52 29
Avdeling Stugu, avd.leiar, tlf. 32 08 52 22 

Servicetorget Ål kommune tlf 3208 5000

Avlastning i institusjon

Avlastning ved Ål bu- og behandlingssenter er eit bu- og behandlingstilbod til brukarar med pårørande som har behov for avlastning.  Avlastning blir gjeve i ei tidsavgrensa periode.

Tenesta blir tildelt ut frå ei fagleg vurdering der pårørande har eit særleg tyngande omsorgsbehov.

Korleis få tenesta:

Skjema for melding av behov for tenester finn du her

Du kan kontakte omsorgskontoret eller servicetorget i kommunen for å få hjelp til å melde behov for tenester. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skrifteleg fullmakt som vert lagt ved søknaden. Det blir innhenta opplysningar for å kunne gjere ein heilheitleg og fagleg vurdering av søknaden. Det blir fatta vedtak i tildelingsteamet.

Lovheimel

Tenesta blir tildelt etter Helse- og omsorgstjenestelova.

Klage
Viss du ynskjer å klage på vedtaket er det klagerett etter lova. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke. Klaga skal sendast til Tildelingsteamet, Ål kommune, 3570 Ål.
Siste klageinstans er Helsetilsynet i Buskerud. 

Pris
Avlasting er gratis.  Tenesta omfattar kost og losji.  Tenesta omfattar ikkje t.d. fysioterapi, legetenester osv.   Brukarar må ha med evnt. eigne medisinar under avlastingsopphaldet.

For meir informasjon, kontakt:
Omsorgskontoret tlf. 3208 5229
Avdeling Tunet, avdelingsleiar tlf. 3208 5212.

Servicetorget Ål kommune tlf 3208 5000

Dagtilbod

Dagsenter for hukomelsessvikt er eit aktiviseringstilbod for heimebuande med demens.

Tenesta kan gje brukaren høve til å bu lengre i eigen heim, gje brukaren ein meiningsfull kvardag, forebygge auka hjelpebehov, og gje avlastning for pårørande. Tenesta blir tildelt heimebuande med demenssjukdom.

Dagsenteret er oppe, måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 08.00 - 15.00.
Tenesta omfattar transport tur/retur eigen heim, og det blir servert to måltid i løpet av dagen. Det foregår sosiale aktivitetar. Det er mogleg å kvile i eige kvilerom under opphaldet.

Korleis få tenesta
Skjema for melding av behov

Du kan kontakte omsorgskontoret eller servicetorget i kommunen for å få hjelp til å melde behov for tenester. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre til å hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.

Det blir innhenta opplysningar for å kunne gjere ei heilheitleg og fagleg vurdering av søknaden. det blir gjort vurderingsbesøk for å kartleggje behov og gje informasjon om tilbodet. det kan søkjast om opphald frå 1-4 dagar i veka.*
Søknaden blir behandla i Tildelingsteamet.

Lovheimel
Tenesta blir tildelt etter Helse- og omsorgstjenestelova.

Klage
Viss du ynskjer å klage på vedtaket er det klagerett etter lova. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke. Klaga skal sendast til Tildelingsteamet, Ål kommune, 3570 Ål.
Siste klageinstans er Helsetilsynet i Buskerud. 

Pris
Sjå Ål kommune sine betalingssatsar for opphald i institusjon

For meir informasjon, kontakt:
Omsorgskontoret tlf. 3208 5229
Avdeling Stugu, avdelingsleiar tlf. 3208 5222 

Servicetorget Ål kommune tlf 3208 5000

Demensteam

Ål kommune oppretta demensteam i 2010.
Teamet består av ein sjukepleiar, Gunn Elèn Hansen, ein ergoterapeut, Tove Bråten,  og ein fysioterapeut, Live Magnetun. 

Demensteamet sine oppgåver er:

  • Å samarbeide med fastlege  om kartlegging, utreiing og oppfølging ved mistanke om kognitiv svikt og demens.
  • Å tilby heimebesøk og pårørandesamtaler.
  • Å informere om kommunen sine tenestetilbod.
  • Å vere behjelpeleg med å finne fram til gode tenester og hjelpemidlar.
  • Bidra til å utvikle demensomsorga i kommunen.
  • Gi informasjon og undervisning om demens til helsepersonell, lag, organisasjonar og kommunen sine innbyggjarar generelt.
  • Arrangere pårørandeskole – eit tilbod til pårørande. 

Kva er demens?

Demens skuldast hjerneskader som kan kome av fleire ulike hjernesjukdommar, og kjenneteiknast ved kognitiv svikt, endringar i kjensler og personlegheit, samt redusert evne til å fungere i dagleglivet. Det viktigaste kognitive kjenneteiknet er redusert hukommelse. Demens er ein langvarig og kronisk tilstand som påverkar heile livssituasjonen både for dei som er sjuke, og deira pårørande gjennom mange år.

I tillegg til redusert hukommelse, vil det vanlegvis vere språksvikt, rom- og retningsproblem og redusert evne til å forstå og planlegge. Mange vil i startfasen kunne vere deprimerte, engstelige, irriterte og trekke seg tilbake. Lenger ut i prosessen vil det finne stad større endringar i personlegheit og veremåte. Nokon kan få hallusinasjonar og vrangførestellingar.

(Informasjon frå nettsida til Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse)

Målet med demensutreiing?

Riktig diagnose til rett tid slik at personar med demens får god oppfølging og tilrettelagte tenester ut i frå sitt individuelle behov. Dette kan bidra til auka trivsel og ein betre kvardag for både pasient og pårørande. 

Kven kan ta kontakt med oss?

  • Enkeltpersonar, pårørande og vener kan ta uforpliktande kontakt.
  • Helsepersonell i kommunen.
  • Fastlegar. 

Kontaktinformasjon

Telefon: 32 08 53 48

Mobil: 90 40 83 38  eller  97 19 81 59

E-post:
Gunn-Elen.Hansen@aal.kommune.no
Tove.Braten@aal.kommune.no
Live.Magnetun@aal.kommune.no 

Andre nyttige telefonnummer:

Nasjonalforeningen si demensline:
Tlf: 815 33 030 (måndag til fredag frå 9-15).

E-post: demenslinjen@nasjonalforeningen.no 

Du kan lese meir om demens på:

www.nasjonalforeningen.no
www.helsenorge.no
www.aldringoghelse.no

 

Frisør

Frisør ved Ål bu- og behandlingssenter:
Olga Taktayeva tlf. 3208 5305 eller mobil 948 96725

Fotpleiar

Fotpleiar ved Ål- bu- og behandlingssenter:
Ingri Søbakk mobil 901 89009.

Kafeteria

Kafeteria ved Ål bu- og behandlingssenter:
Kafeteriaen er ope alle kvardagar frå kl. 10.30 - 14.30
I helgene er kafeteriaen ope for middagssal frå kl. 13.00 - 14.00

Bestilling av møtemat etc. ta kontakt med kantineleiar Solveig Strendo, mobil 901 86991.