Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Utmarksoppsyn

Ola Vaagan Slåtten er tilsett som utmarksoppsyn i Ål. Ola har avgrensa politimynde, og er uniformert på oppdrag. Han blir å treffe i skog og mark fram til haustferien. Oppsynet har ei vertskapsrolle i høve til alle som brukar utmarka i Ål, driv tilsyn med beitedyr og fører tilsyn etter relevante lovverk. Dersom du treffer Ola i marka er det berre å ta kontakt anten spørsmålet gjeld lover og reglar, turtips, planter, sjuke og skadde dyr eller anna du har på hjarte.

Det er faglaga for landbruket i Ål har teke initiativ til å få etablert eit organisert utmarksoppsyn. I fyrste omgang er det eit treårig prøveprosjekt for å samle røynsle for eventuell vidareføring seinare. Ansvarleg for utmarksoppsynet er Ål Sankelag.

Kontakt: ola.vaagan.slatten@aal.kommune.no, tlf 476 71651