Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Trafikksikker kommune

 

Ål kommune vart den 16. september 2015 godkjent som ei trafikksikker kommune. Diplomet er et bevis på dette.

I tillegg fekk Ål kommune ein sjekk på kr 50.000 frå Buskerud fylkeskommune, samferdselsavdelingen. Ål er fyrste kommune i Buskerud og tredje i landet som får denne tittelen.

Ål kommune har det siste året jobba systematisk med trafikktryggleik i heile organisasjonen. Når det gjeld skuler og barnehagar er det krav om at trafikktryggleik og er inne i alle årsplanar og rutiner. Ei godkjenning betyr at vi kan bli prioritert ved tildeling av trafikktryggleiksmidlar frå eksterne myndigheiter. Statens vegvesen og Buskerud fylkeskommune er gode samarbeidspartnarar. Statens vegvesen byggjer i haust ny busshaldeplass i skuleområdet på Ål. Dei skal utbetre busshaldeplassen ved Lienkrysset på Torpo slik at skulen der kan nytte den til skuleskyss. Vidare blir det gjort tiltak på fylkesvegen ved Torpo barnehage og ved stavkyrkja på Torpo. Dette har blitt til gjennom felles planlegging mellom Ål kommue og Statens vegvesen.