Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Søknad om barnehage- og SFO-plass 2017/2018

Søknadsfrist 1. mars

Illustrasjonsteikning

Hovudopptak barnehage

Det blir gjennomført eitt hovudopptak til barnehageplass i Ål kommune. Hovudopptaket har søknadsfrist 1. mars.

Ynskjer du å vidareføre barnehageplassen slik den er i dag, skal du ikkje sende elektronisk søknad. 

Du skal sende elektronisk søknad dersom du:

  • er ny søkjar
  • har plass og vil auke eller redusere denne
  • har plass og vil endre dagvalget for denne
  • har plass og vil bytte barnehage
  • står på venteliste for plass inneverande år og ikkje har fått tildelt barnehageplass 

Rett til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året som det vert søkt om barnehageplass. Barn som fyller eitt år i september, oktober og november har rett til banehageplass frå den månaden dei fyller eitt år. For å nytte seg av retten, må det søkjast om plass i hovudopptaket. 

Den kan også søkjast om plass utanom hovudopptaket, då blir det tildelt plassar etter ledig kapasitet.

Informasjon om barnehagane i Ål

Hovudopptak SFO

Det blir gjennomført eit hovudopptak til SFO-plass i Ål kommune. Hovudopptaket har søknadsfrist 1. mars. 

Alle som ynskjer plass i SFO for skuleåret 2017/2018 skal sende elektronisk søknad.

Det kan også søkjast om plass utanom hovudopptaket, då blir det tildelt plassar etter ledig kapasitet.

Informasjon om SFO-tilbodet i Ål