Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skrantesjuke

Hjelp oss å hindre spreiing av smitte

reinsdyr

Hjortedyra i Nordfjella kan vere smitta av skrantesjuke (CWD).

Du som ferdast i området må følge desse reglane:

  • Unngå kontakt mellom hundar og kadaver av hjortevilt. Hundane kan ta med seg smitten til nye områder.
  • Ikkje ta med organisk materiale frå hjortevilt (t.d. gevir eller avføring) ut av området. Det er forbode.
  • Vask skoa dine godt når du forlet området. Smitten kan sitje i jord, plantar og lav.
  • Meld frå om sjuke hjortedyr og ferske kadaver av hjortedyr til Statens naturoppsyn på telefon 92407771/  petter.braaten@miljodir.no.
  • Få med så nøyaktig informasjon som mogeleg om stad, gjerne med koordinatar eller GPS-posisjon.