Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Radonmåling

Radon er ein radioaktiv gass som blir danna naturleg i bakken. Den kan komme inn i huset via sprekker og utettheter i bustaden. Når vi pustar, gir radon stråling til lungene, noko som over tid kan føre til lungekreft. Etter røyking er radon den viktigaste årsaka til at folk får lungekreft. 

Det vert tilrådd at alle som har bustad med opphaldsrom i dei tre lågaste etasjane over bakkeplan, å måle radonkonsentrasjonen i bustaden sin. Det bør ôg foretas radonmåling i alle andre bygningar der menneske oppheld seg, mellom anna skular og barnehagar, arbeidsplassar og offentlege bygg. Husstandar som har vannforsyning frå borebrønner, bør måle radoninnhaldet i vatnet.

Dersom du ynskjer å måle radon kan du bestille sporfilm via denne lenka. Denne fører deg til Radonlab som er ein seriøs aktør!
Det har vore nokre useriøse tilbydarar som ringer rundt for å tilby radonmåling. Dei utgjer seg for å representere kommune eller Statens strålevern, men dette er useriøst.

Du finn meir informasjon om radonmåling her