Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Prosjektstilling

Spennande interkommunal prosjektstilling

Logo Hallinghelse

Hallingdal har fått tilskot frå Barne-, ungdoms og familiedepartementet for å utarbeide ein heilskapleg modell for samhandling og tidleg identifikasjon rundt risikoutsette barn og unge i Hallingdal. Vidare skal denne modellen bli implementert i kommunane. 

Det vert lyst ut inntil 2 deltidsstillingar på tilsaman 120 %, med ei varigheit på 1 - 2 år. Det vil bli teke stilling til administrativ tilknytning og arbeidsstad i tilsetjingsprosessen ut frå søkjar sitt ynskje.
Stillinga er tilknytta Hallinghelse, som er ei interkommunal organisering av samhandlingstiltak i Hallingdal.  

Det vert oppretta ei interkommunal tverrfagleg prosjektgruppe på tvers av kommunane.  

Arbeidsoppgåver:

  • utvikle ein kommunal modell for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk sjuke og / eller barn av foreldre som misbruker rusmidler.
  • implementere og lære opp tilsette  i kommunane til å nytte modellen.
  • delta på rettleiing og samlingar i regi av Barne-, ungdoms og familiedepartementet.
  • rapportering. 

Kvalifikasjonar:

  • relevant utdanning på høgskulenivå og erfaring frå kommunalt arbeid med familiar, barn og unge.
  • gode dataferdigheiter.

Personlege eigenskapar:

  • er strukturert og har god gjennomføringsevne
  • ha gode kommunikasjons- og formidlingsevner både muntleg og skriftleg.
  • har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.
  • ha god samhandlingskompetanse

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr:

  • gode mogelegheiter for interkommunalt samarbeid og fagleg utvikling.
  • tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • lønn etter avtale.
  • fleksibel arbeidstid. 

Søkjar må ha førerkort kl.B og disponere eigen bil.  

Send søknad

Spørsmål om stillinga vert å rette til Gunhild Hustad tlf:.48241147 / e-mail: gunhild.hustad@aal.kommune.no

Tiltreding snarast mogeleg.

Du søkjer elektronisk via denne lenka.

Søknadsfrist 13. august 2017.