Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Produksjonstilskot

Søknadsfrist for produksjonstilskot er 15. oktober med telledato 1. oktober.

Søknaden i oktober gjeld både dyr og areal. Det er ikkje naudsynt å teikne arealet i kart for å søkje om produksjonstilskot dette året heller.

I det nye systemet er hovudregelen at søknadsfristane er absolutte. Det vil seie at det ikkje lenger let seg gjera å levere søknaden etter fristen med eit trekk på 1 000 kroner per dag. Føretak som leverer søknaden innan fristen vil kunne endre opplysningane i søknaden innan 14 dagar utan å få trekk. For søknader som blir levert i 2017, vil søknadsfristane bli praktisert meir fleksibelt. Føretaka vil dette året kunne levere søknaden heilt fram til 14-dagersfristen for endring, sjølv utan dispensasjon.

I det nye systemet finst det ingen papirskjema. Du finn vegen til elektronisk søknadsskjema her: https://www.altinn.no/no/Skjema-og-tjenester/Etater/Statens-landbruksforvaltning/produksjonstilskudd/