Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Planleggjar

100% fast stilling

Hovudoppgåva blir arealplanlegging med handsaming av private og kommunale reguleringsplanar.

Som vår medarbeidar blir du ein del av det faglege miljøet i kontorfellesskap med byggesak, oppmåling, landbruk, kart, næringsutvikling og folkehelse.  

Vi ynskjer at du:

  • har formell plankompetanse
  • har erfaring frå arbeid med reguleringsplanar  og god kjennskap til plan- og bygningslova, men naudsynt opplæring vil bli gitt
  • vil vera med å jobbe for utvikling i Ål
  • er open og lærevillig og likar å samarbeide med andre
  • har forståing for prosessar
  • utrykker deg klart og forståeleg munnleg og skriftleg

Løn etter avtale. Gunstig pensjonsordning. Vi hjelper til med å skaffe bustad og barnehageplass. Er du glad i friluftsliv (ski, sykkel, klatring, riding, vandring) og set pris på eit rikt kulturliv er Ål plassen for deg – sentralt i Sør-Noreg midt mellom Oslo og Bergen

For informasjon om stillinga, ta kontakt med drifts- og utviklingssjef Reidun Aaker, tlf 99287854.

Søknad via Ål kommune sin elektroniske søkeportal www.aal.kommune.no 
Les meir om kva som skjer i Ål og Hallingdal på www.al.no
Søknadsfrist
: 6.oktober