Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Nytt nasjonalt legevaktnr.

 

Frå 1. september er nummeret 116117

Frå 1. september har legevakta same nummer i heile landet: Det sekssifra nummeret 116117.

Frå då av vil du kome til legevakta der du oppheld deg uansett kor i Noreg du ringer frå. Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og er gratis.

Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som kan kan handterast av eigen fastlege.

Det gamle numret til legevaktsentralen, 3208 2488, vil fungere som før.

det kan nyttast dersom ein ynskjer å nå ei anna legevakt enn der ein oppheld seg. Dette kan vere naudsynt om ein til dømes ringer for eit sykt familiemedlem som oppheld seg i ein anna kommune..

Ring fyrst! Legevakta er ope for henvendingar heile døgnet. det er i dei fleste tilfella best at du ringjer på førehand for å få ei vurdering av situasjonen og tilbod om relevant hjelp.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

  • Fastlegen din i opningstida
  • Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
  • 113 når det er akutt og står om liv