Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

MOT til å glede dagen

MOT-logo

«MOT til å glede dagen» 23. november 

Ål er eit lokalsamfunn med MOT. I MOT jobbar vi for å skape robuste ungdommar som inkluderer ALLE. Det krev toleranse, aksept av ulikheitar og trygge miljø, der unge og vaksne gjer kvarandre verdifull. 

Kanskje kan DU gjere noko ekstra denne dagen? Besøk nokon du er glad i, send ein SMS og ring til ein du ikkje har prata med på lenge, eller ta ein kaffikopp med naboen du ikkje ser så ofte. Vi greier berre å stoppe mobbing og skape eit tryggare miljø viss alle, både vaksne og unge, viser mot og tek ansvar.  

Ål kommune skal sjølvsagt markere MOT til å glede dagen i år igjen. Velkommen til gratis kino for alle på Ål kulturhus i kveld. Filmen heiter «Me and Earl and the Dying Girl», og er vinnaren av Grand Jury Prize og Audience Award på Sundance Filmfestival! Det er ei unik, morosam og gripande historie. 

Ynskjer dykk alle ein fin «MOT til å glede dag»!