Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Leikeressurs

Logo menn i barnehagen

Ungdomsskulegutar inn i barnehagen som ein ressurs 

Fylkesmannen i Buskerud inviterte hausten 2016 barnehagane i Buskerud til å søkje midlar til prosjektet «Leikeressurs».
Ål kommune søkte og fekk tildelt midlar.

Målet med prosjektet er at fleire gutar skal velje å arbeide i barnehage og vera med på å auke likestillinga i samfunnet. 

På Ål er det Sando barnehage og Sundre barnehage som er med i prosjektet med dei mannlege tilsette som rettleiarar. 

Leikeressurs er eit tiltak der barnehagane, i samarbeid med Ål ungdomsskule, tilbyr arbeid til gutar etter skuletid og/eller i feriar. På Ål er det gutar på 9.trinn som har vorte invitert til å søke på leikeressursstilling. Med ressursar frå Fylkesmannen er det mogleg å gje leikeressursane lønn.
For å lære korleis ein søknad og tilsettingsprosess foregår, har elevane skrive søknad med referanse og det har vore intervju/samtale med aktuelle kandidatar. Prosjektet blir gjennomført frå veke 9 (vinterferien) og ut mai.
 

Leikeressursen er med i aktivitetane til barna i barnehagen, men kan også ta initiativ til aktivitetar sjølv. Leikeressursen får rettleiing i barnehagen, og i samråd med rettleiar blir dei einige om kva for aktivitetar dei skal delta i. Leikeressursen er eit tillegg til anna ordinært personale og skal berre vera med i styrte eller frie leikeaktivitetar. Rettleiaren skal også gje gutane eit innblikk i kva det vil seie og arbeide i barnehage. Håpet er at nokon av desse kjem att i ordinære stillingar i barnehage seinare. Slik sett kan dette også sjåast på som eit rekrutteringsprosjekt av menn til barnehage.  

Prosjekt «Leikeressurs» starta i 2013 og er svært godt motteke av kommunar, barnehagar, barn og føresatte i heile Buskerud.