Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Legevakt

Ål kommune har sagt opp avtale om legevakt mellom kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal og Nes og Vestre Viken HF. (VVHF)

I samsvar med punkt 2 i avtalen er Ål kommune forhandlingspart på vegne av dei andre kommunane.  Rådmennene vart informerte om dette i rådmannsutvalet den 4. februar og gav si støtte til Ål kommune si håndtering.  Sjå vedlegg. 

Bakgrunnen for oppseiinga er at VVHF før jul 2015 varsla Ål som vertskommune for legevaktsamarbeidet i Hallingdal, at drifta av legevakta for 2015 gjekk med eit underskot. I januar 2016 er dette fastsett til kr. 390.000 av eit budsjett på kr. 5,0 mill.  

Samstundes varsla VVHF Ål kommune om at budsjettet for 2016 måtte styrkast med 1,3 mill. til 6,3 mill. kr. 

Ved kommunal drift av legevakta er berekna til totalt ca. 5,5 mill. på årsbasis.  Mindreutgiftene gjeld i hovudsak innsparing pensjonskostnader. 

Ål kommune byggjer nytt helsebygg med plass til legevakt og legekontor nær kvarandre og intermediær avdeling i 3. etasje. 
Ål kommune vil eige heile bygget, medan VVHF blir leigetakar.  Ny intermediær avdeling skal stå ferdig 01.09.16, ny legevakt og nytt legekontor 31.12.16.  Det ligg difor godt til rette for vertskommunen Ål å vera ansvarleg for drift av nødnett, Hallingdal legevaktsentral, Øvre Hallingdal legevakt og Hallingdal nattlegevakt.  

Ål kommune kjem tilbake til eit revidert 2016-budsjett og framlegg til budsjett 2017.  

I forhandlingsmøter har Vestre Viken stadfesta at ein ikkje ved oppseiinga vil kreve 1 års oppseiingstid, jmfr. punkt 9 i avtalen.

I forhandlingsmøte 10.02.16 har partane stadfesta ei felles målsetjing om å overføre drift av nødnett, Hallingdal legevaktsentral, Øvre Hallingdal legevakt og Hallingdal nattlegevakt til Ål kommune frå 01.05.16.  

Organisatorisk vil legevakt bli lagt inn i avd. legetenester, og drifta som ei avdeling.