Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kor lite skal du finne deg i?

 

logo Hvor lite-kampanje

Politiets nye informasjonskampanje for å forebygge vald i nære relasjonar Kor lite skal du finne deg i? skal gi auka kjennskap om tematikken og kva politiet kan bistå med, slik at valdsutsatte kan søkje hjelp og kome ut av den valdelege situasjonen. Satsinga er ein del av Justisdepartementets handlingsplan Et liv uten vold (2014–2017).
Det er mange kriminelle handlingar som politiet ikkje får kjennskap til. Berre om lag 25 prosent av kvinnene som utsettjast for grov vald anmelder forholdet, ifølge tal frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS).

Det er ein grunnleggjande menneskerett å leve eit liv utan vald eller frykt for vald. Difor er det ei viktig oppgåve for politiet å redusere omfanget av vald og truslar.

Startar med forelsking
Kampanjekonseptet Kor lite skal du finne deg i? handlar om å tenke over ting på ein ny måte. Dei fleste relasjonar startar med forelsking og kjærleik - difor er evna og viljen til bortforklaring og tilgjeving hos mange valdsutsatte heilt naturleg, men ôg ein stor utfordring. Spørsmålet er ikkje kor mykje du skal finne deg i, men kor lite.

- Mange finn seg i alt for mykje. Vi veit at det kan vere vanskeleg å kome seg ut av et valdeleg forhold, og valden opphøyrer ofte ikkje utan hjelp utanfrå. At politiet vert kopla inn kan hindre nye hendingar, seier prosjektleiar Raymond Thorsen, politioverbetjent ved Seksjon for seksuallovbrudd i Kripos.

Eit samfunnsansvar Vald i nære relasjonar er ikkje ein privatsak, men eit samfunnsansvar og eit prioritert kriminalitetsområde. Med denne kampanjen ynskjer Politiet byggje ned barrierer mellom publikum og myndigheiter, og styrke samarbeidet med andre aktører, sånn at fleire valdsutsette tek kontakt og får hjelp når det trengs.

Kampanjen er utarbeidd av Kripos og kommunikasjonsbyrået Dinamo på vegne av politiet, og vil bestå av ei eigen nettside (hvorlite.no), ei sjekkliste for faresignal, plakatar, film og annonsering. Kampanjen vender seg til fleire målgrupper; deriblant unge par, par med born og vitner som kjenner til at nokon er utsett for vald. Informasjonen på nettsida oversettjats til fleire språk.

Sjå kampanjenettsida: www.hvorlite.no