Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunedelplan for Sundreområdet

Kommuneplanutvalet (KPU) i Ål har i møte den 22.08.2016 vedteke å leggje kommunedelplan for Sundreområdet ut til offentleg høyring med høyringsfrist 15. november 2016. 

Kommunedelplan for Sundreområdet er ein arealplan for tettstaden Sundre. Formålet med rulleringa er å få knytt riktig arealbinding og føresegn til riktig areal slik at Sundreområdet kan utvikle seg slik Ål kommune ynskjer.

Kommunedelplanen heng direkte saman med kommuneplanen for Ål, langsiktige mål og retningsliner. I denne planen skal mål og tiltak i kommuneplanen arealfestast.  

Planområdet er det same som i gjeldande plan frå 2004.
Planområdet er eit rektangel frå Sando i aust til og med Granhagen i vest.
Framlegg til ny kommunedelplan for Sundreområdet vil oppheve gamal plan når den er vedteke.

I planarbeidet er det spesielt jobba med:

  • overordna strategiar for næring, bustad og friluftsliv
  • omsynssoner for å ivareta fellesskapet sine interesser i høve til friluftsliv, støy, ras og flom, kulturmiljø
  • innspel, og kven av dei som skal inn i planen med omsyn til vedtekne føringar i kommuneplanen og planprogrammet, samt enkle konsekvensvurderingar knytt til fagområda landbruk, kultur, trafikktryggleik osb.

Bilde av kommundelplanområdet

Her finn du høyringsframlegget til kommunedelplanen