Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunale avgifter

2. halvår 2017

Vi har no sendt ut faktura på kommunale avgifter for 2. halvår 2017.

NB!
Når det gjeld papirfaktura har det skjedd ein glipp hos dei som produserer dei for oss. Nokon får rekninga for kommunale avgifter på 2 sider i kvar sin konvolutt. Totalbeløpet står då på den eine sida.  

Forklaring på beløpa på rekninga: De beløpa det står ei stjerne utom er det mva på. Eigedomsskatt og brannsyn er det ikkje mva på.

På denne fakturaen vil du få avgift på:

  • Vatn/kloakk
  • Renovasjon
  • Branntilsyn/feiing
  • Slamtømming
  • Eigedomsskatt

Tette tankar vert tømt kvart år.
Slamavskiljarar på hus vert tømt kvart 2. år og på hytter vert dei tømt kvart 4. år. Alle vil få eit behandlingsgebyr, samt at det vert fakturert for det som er levert.

Dersom du har spørsmål rundt branntilsyn/feiing, ta kontakt med Hallingdal brann- og redningsteneste på telefon: 966 25 425