Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Prosjektmedarbeidar innan rehabilitering

Interkommunal stilling

Interkommunal stilling som prosjektmedarbeidar innan rehabilitering. Dei seks Hallingdalskommunene Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Hol og Ål søker etter prosjektmedarbeidar innan det treårige prosjektet "Innovativ rehabilitering i Hallingdal". 

Som ein følge av Regjeringa sin «Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering» har kommunane i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu fått statlege prosjektmidlar til å utvikle samarbeidet innan rehabilitering og styrke kompetansen i kommunane. Sjå prosjektplanen her.
Prosjektet vil ha ein prosjektleiar og ein prosjektmedarbeidar tilslutta Hallinghelse og med arbeidsstad nær opp til intermediæravdelinga ved Hallingdal sjukestugu.
Ål kommune er administrativ vertskommune for prosjektet. Prosjektleiar er tilsett i full stilling med oppstart 1. okt. 2017.  

Prosjektmedarbeidarstillinga er ei 50 % mellombels stilling i eitt år med mogelegheit for vidareføring.  

Arbeidsoppgåver

Prosjektmedarbeidaren skal:

  • samarbeide tett med prosjektleiar for å gjennomføre tiltaka og å nå dei måla som ligg inne i prosjektet.
  • samarbeide med intermediæravdelinga og med kommunane sitt personell innan rehabilitering rundt det enkelte pasientforløp.
  • medvirke til å styrke kompetansen på rehabilitering i kommunane og ved intermediæravdelinga.
  • medvirke til å bygge faglege nettverk innan rehabilitering i Hallingdal.
  • styrke kvaliteten innan rehabilitering i pasientforløpa frå sykehus via intermediæravdeling og til helse- og omsorgstenesta i kommunane.
  • sikre at informasjon, kunnskap og kompetanse følger den enkelte pasient i alle overgangar i pasientforløpet. 

Kvalifikasjonar:

Det krevjast:

  • relevant utdanning på høgskulenivå innan helse og omsorg, fortrinnsvis innan fysio- eller ergoterapi
  • interesse og forståing for ei brei tilnærming til rehabilitering.
  • erfaring frå rehabiliteringsarbeid, fortrinnsvis frå kommunal helse- og omsorgsteneste.
  • førarkort kl. B og eigen bil.

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein som:

  • kan vera ein inspirator for rehabilitering både overfor brukarar og samarbeidspartar.
  • er strukturert og har god gjennomføringsevne.
  • har gode kommunikasjons- og formidlingsevner.
  • har evne til å jobbe både sjøvstendig og i ulike samarbeidsrelasjonar. 

Vi tilbyr:

  • gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
  • tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • løn etter avtale.
  • fleksibel arbeidstid.

Send søknad:

Spørsmål om stillinga kan rettast til samhandlingsleiar Øystein Lappegard, Hallinghelse, 992 87 906, oyl@hallingnett.no eller prosjektansvarleg Karsten Dideriksen, 992 87 899. karsten.dideriksen@aal.kommune.no

Oppstart 1. okt. 2017. Søknadsfrist 10. august.

Det søkjast elektronisk gjennom Ål kommune sin søknadsportal,