Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Informasjonskveld bygningsvern

Ål bygdamuseum 31. januar

 Foto: Kulturminnefondet
Huseigarar, lag og foreningar kan søke om tilskot til istandsetjing og sikring av bygningar og anlegg med kulturhistorisk verdi. Det er også mogeleg å søke om tilskot til formidling og kurs.

Buskerud bygningsvernsenter inviterer difor til to opne informasjonskveldar kor representantar frå Kulturminnefondet, Fortidsminneforeningen og Buskerud fylkeskommune kjem for å informere om tilskotsordningane sine.

På søknadsverkstaden får du tips og råd om kven som kan søke om tilskot, og kvar og korleis ein søker. Søknadsverkstaden er særskilt retta mot huseigarar, men er ope for alle interesserte. Arrangementet er gratis.  

Vi arrangerer to søknadsverkstader:

  • Tysdag 30. januar iBuskerud bygningsvernsenters lokalar på Lågdalsmuseet i Kongsberg.
  • Onsdag 31. januar i snekkarverkstaden på Ål bygdamuseum i Ål.

Kl. 18.00 til 20.00 begge kveldar.

Du finn heile invitasjonen her:
Invitasjon til søknadsverksted.pdf

Påmelding innan fredag 26. januar til mailto:post@buskerudbygningsvern.no

For meir informasjon ta kontakt med Camilla P. Nilsen på e-post: mailto:camilla.nilsen@bfk.no 
eller tlf.: 918 73 075.