Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

HPV-vaksine

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde i 1991 og seinare

Illustrasjon frå brosjyre Folkehelseinstituttet

 

Alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare, får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram. Programmet startar opp i november 2016. Vaksinen er tilrådd til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, mesteparten av dei i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan gi vern sjølv om ein har debutert seksuelt.  

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner som er fødde i 1991 og seinare, også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt over 6-12 månader og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.

HPV vaksinering vil forgå på Ål helsestasjon, familienshus. Ta kontakt på  tlf 32085290 ved spørsmål eller for å avtale tid for vaksinering

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine: 

Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine