Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Høyring av revisjonsdokument

Uste-Hallingdalsvassdraget. Høyringsfrist 15.09.2018

Kulu Foto: Inger Lervåg

Noregs vassdrags- og energidirektorat kunngjer

Høyring av revisjonsdokument i samband med revisjon av konsesjonsvilkår for reguleringa av Uste-Hallingdalsvassdraget i Hol, Ål, Hol, Nes og Nore og Uvdal kommunar

NVE vedtok 29.03.2017 å opne sak om revisjon av konsesjonsvilkår for reguleringa av Uste-Hallingdalsvassdraget.

Saka om vilkårsrevisjon blir handsama etter reglane i vassdragsreguleringslova. Revisjonsdokumentet er tilgjengelege på NVE sin internettside: www.nve.no,Vannkraft og er lagt ut til offentleg gjennomsyn i Hol kommunehus og på servicetorget på Geilo, på servicetorget i Tingstugu og på biblioteket i kulturhuset på Ål, på servicetorget i kommunehuset i Gol, i kommunens servicetorg i Nes kommune, i servicetorget i Flå kommune, og på servicetorget på kommunehuset i Rødberg.

De kan få ein papirversjon av søknaden ved å kontakte Halvor Kr. Halvorsen tlf. 24 11 65 11 eller e-post:

halvor.halvorsen@e-co.no

Fråsegner sendast NVE fortrinnsvis via sakas nettside på www.nve.no/konsesjonssaker. Fråsegn kan alternativt sendast med e-post til nve@nve.no  eller med vanleg post til NVE - konsesjonsavdelinga, 0301 OSLO.

frist for å sende fråsegn er 15. september 2018.

Høyringsdokumenta finn du her:

Revisjonsdokument del 1

Revisjonsdokument del 2