Med ein digital postkasse får du ei sikker løysing for å motta og oppbevare viktig post digitalt, slik som brev med vedtak, helseopplysningar eller anna sensitiv informasjon.
Det offentlege kan ikkje bruke vanleg e-post til å sende slik informasjon. Det offentlege ynskjer at flest mogeleg opprettar ein digital postkasse hos e-Boks eller Postens Digipost.
Kva skjer om du ikkje opprettar digital postkasse?
Då vil den digitale posten gå til Altinn. Opnar du ikkje brevet i løpet av nokre dagar, blir det sendt til deg på papir i vanleg post.
Du kan reservere deg
Ynskjer du ikkje å få post digitalt, kan du reservere deg via reservasjonsregisteret.
Har du aldri registrert mobilnummeret eller e-postadressa di ved innlogging på ei offentleg teneste via ID-porten, er det ikkje naudsynt å reservere seg. Då får du automatisk post på papir.
Du finn meir informasjon om dei to alternativa her og korleis du opprettar digital postkasse.