Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gå og sykle til skulen

Bilete av skuleungar med sykkel

La barna gå og sykle til skulen

Dei som går eller syklar til skulen får trafikkerfaring, frisk luft og fysisk aktivitet som gir ein god start på skuledagen. Dei aller fleste likar å gå eller sykle saman med kompisar, og bruker tida på veg til skulen til prat og sosialt samvere. Som igjen kan vere positivt for klassemiljøet. 

Ein del foreldre køyrer barna til skulen sjølv om avstanden er kort. Dersom fleire syklar eller går vil det bli mindre biltrafikk ved skulane og langs skulevegen, og dermed mindre fare for ulykker. Viss det er heilt nødvendig å køyre, er det fint å stoppe eit stykke unna skulen. Då kan barnet gå den siste delen av vegen, aleine eller saman med andre. 

Ver obs!

Køyrer du på ein skuleveg, hugs at barn er impulsive. Oppdagar dei noko spennande, kan dei gløyme at dei kryssar vegen. 

Trygg Trafikk tilrår at barn bør vere 10-12 år gamle før dei syklar aleine i blanda trafikk. Det er først i denne alderen dei klarar å ha oversikt i eit  vanskeleg trafikkbilete. Er skulevegen trygg nok, kan dei gjerne sykle aleine tidlegare. Det kan også vere fint å sykle eller gå saman med foreldra. 

Trygg Trafikk sine råd til foreldre:

  • Gå skulevegen saman med barna og snakk om det de ser i trafikken.

  • Finn den sikraste skulevegen. Stigar og gardsvegar kan vere tryggare enn den kortaste vegen.

  • Lag ein plan der foreldre fordeler dagar dei følgjer barna til skulen.

  • Viss barnet bli køyrd til skulen, bør du stoppe eit stykke frå skuleporten, så barnet kan gå den siste strekninga.

  • Å sykle saman med barnet, gir god trening i trafikken.

 

Hilde Nysæther Frantzen
Folkehelsekoordinator Ål kommune