Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Frisklivssentralen

På Frisklivssentralen kan du få hjelp til å starte ein endringsprosess og meistre nye levevanar.

Fysisk aktivitet, kosthald og snus-og røykeslutt.

For kven?
Både for deg som treng å førebygge sjukdom, og for deg som er i eit behandlings-, rehabiliterings- eller habiliteringsforløp.

Kvifor Friskliv?

  • Du får hjelp og støtte til ein betre livsstil
  • Du får individuell rettleiing og motivasjonssamtale
  • Oppfølging undervegs
  • Tilboda er individuelt tilpassa, men gir òg fellesskap
  • Fysisk aktivitet i grupper, kostrettleiing, tobakksfri rettleiing
  • Kurs i bra mat og bli tobakksfri

Trening med frisklivssentralen er lågterskel; det er billig, og lagt opp slik at alle kan delta i sitt tempo. Vi har to faste økter kvar veke.

Kontakt fastlegen din for frisklivsresept eller kontakt oss direkte:

friskliv@aal.kommune.no / tlf 32 08 52 67/ 95 98 04 95

Lærings- og mestringssenteret på Ringerike sjukehus arrangerer kurs på Hallingdal sjukestugu for pasientar og pårørande:

  • Hjartesjukdomar 14.-15. mars 2018
  • Diabetes type 2 11.-12. april 2018
  • Kols 23.-24. mai 2018

For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt med frisklivssentralen: friskliv@aal.kommune.no / tlf 32 08 52 67/ 95 98 04 95  eller lærings- og mestringssenteret: lms.ringerike@vestreviken.no / tlf 32 11 60 05 / 976 42 926