Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Frikort og eigenandelar

Endring frå 2017

Frå 2017 slepp du å søkje om om frikort for helsetenester.

Frikort for eigenandelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017.
Frå denne datoen slepp du å søkje om frikort for helsetenester. Det kjem automatisk i posten inna tre veker etter at eigenandelstaket på 1 990 kroner er nådd. 

Det finst to frikortordningar i Noreg, ein for eigenandelstak 1 og ein for eigenandelstak 2. Dei gjeld for ulike tenester.
Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga. Ordninga med frikort eigenandelstak 1 er allereie automatisert, og frå nyttår vart ôg ordninga for frikort eigenandelstak 2 automatisert.

I frikort eigenandelstak 2 inngår eigenandelar for:

  • undersøking og behandling hos fysioterapeut med driftstilskot eller fastlønna fysioterapeut i kommunen

  • enkelte former for tannbehandling

  • opphald ved rehabiliteringsinstitusjonar som har driftsavtale med regionalt helseforetak

  • behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus - Rikshospitalet

Dette er nytt fra 1. januar 2017: 

  • Du får frikort eigenandelstak 2 utan å søkje om det. Det kjem automatisk i posten inna tre veker etter at eigenandelstaket er nådd.

  • Eigenandelstaket for frikort eigenandelstak 2 for 2017 er 1990 kr.

  • Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk attendebetalt.

  • Aldersgrensa for eigenandelsfritak er heva frå 12 til 16 år.

  • Alle pasientar må betale eigenandel for behandling hos fysioterapeut - unnateke born under 16 år og personar med yrkesskade. Dette vart vedteke av Stortinget ved behandlinga av statsbudsjettet for 2017.

  • Du kan sjølv følgje med på dine registrerte eigenandelar ved å logge inn på www.helsenorge.no.

 

Frikort eigenandelstak 1 – nytt eigenandelstak for 2017: 2 205 kroner

I frikort eigenandelstak 1 inngår eigenandelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sykehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisiner og utstyr på blå resept.

Dette frikortet får du automatisk i posten inna tre veker når du har betalt over ​2​ 205 kroner i eigenandelar i 2017.

 

Mer informasjon på helsenorge.no/frikort