Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Førebygging av fugleinfluensa

Prøver av døde villfugl for å oppdage fugleinfluensa

Bilete av kråke

I desse dagar kjem trekkfuglane frå Sentral-Europa til Noreg. Eit stort utbrot av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at det er auka risiko for at disse fuglane kan bære med seg smitte til Noreg.
Mattilsynet vil difor intensivere overvakinga av villfugl for tidleg å kunne oppdage eventuell smitte av fugleinfluensa i Noreg. 

Treng hjelp av deg
Nord-Trøndelag, Rogaland, Austlandet og Oslofjord-området er mest sannsynleg landingsplass for desse trekkfuglane. Andefuglar (ender, gjess og svaner), måkefuglar, vadere, rovfuglar og åtselsfuglar (f.eks. kråker) er mest utsatt for smitte.  

Mattilsynet ynskjer å ta prøver av døde fuglar utan synlege skader av desse artane i det beskrevne området. Du kan hjelpe til med dette ved å ringe Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00 og be om ditt lokale Mattilsynkontor når du finn slike fuglar. Ein medarbeidar vil ta prøver av fuglen slik at eventuell smitte med fugleinfluensa vert oppdaga.  

Store konsekvensar for tamme fuglar Typen av fugleinfluensa som herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for menneske. Fugleinfluensaen er dødeleg for både ville og tamme fuglar. I tillegg til overvakinga har vi iverksett ei rekkje tiltak for å unngå at fugleinfluensaen kjem til Noreg. Mellom anna er det fastsett ei «Portforbudforskrift» som seier at tamme fuglar skal haldast innandørs eller ute under tett tak. Det er viktig at dette beskyttande tiltaket vert fylgt.

På mattilsynet.no kan du lese om Forebygging og bekjempelse av fugleinfluensa