Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Feiing og tilsyn på hytta

Feiing og tilsyn på hytta

I 2016 kom ny forskrift om brannforebygging, med vesentlege endringar frå den tidlegare gjeldande forskrifta. Blant anna skal både fritidsbustader og næringsbygg med fyringsanlegg no ha feiing og tilsyn.

Vi treng hjelp av deg som er hytteeigar:
I kommunane våre er det fleire fritidsbustader enn bustader. Vi må difor og så snart som mogeleg få kartlagt omfanget. Alle hytteeigarar vil få eit brev der dei må svare på ulike opplysningar om fyringsanlegget og bruken av dette. På bakgrunn av denne kartlegginga vil vi organisere feie- og tilsynstenesta i fritidsbustader framover.

Vi startar arbeidet i 2018, men det kjem sannsynlegvis til å ta fleire år før vi klarar å gå tilsyn/feie på alle hyttene. De kan svare elektronisk via lenke på denne sida. Spørreskjemaet vil ôg ligge i brevet som alle vil motta. De kan difor også svara i brevs form om de heller foretrekk det. Vi ynskjer at de fyller ut spørreskjemaet så snart som mogeleg.

Skjema for opplysningar om fritidsbustad

Stige/trinn på tak:
Me vil også gjere merksam på at forskriftene krev at feiaren skal ha sikker tilkomst på taket for å utføre jobben forsvarleg. Me oppmodar difor eigarane av fritidsbustadene til å montere stige eller trinn på taket. Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak. Nokon tak, slik som torvtak, kan han gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is.
Ved andre tilhøve medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast. Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året.

Grunna den nye forskrifta er det mange firma som tilbyr salg og montering av takstige/taktrinn. Er du usikker på krava til sikker tilkomst på taket for feiaren, eller du har andre spørsmål så ta kontakt med oss.

Fyring med gass:
Gasspeisar og sentralfyr er også å rekne som fyringsanlegg, og er difor med i tilsynsordninga vår. Dette gjeld ikkje viss gassanlegget berre er knytt til ein koketopp eller liknande på kjøkkenet.  Det blir kun tilsyn i hytter gassfyring, ikkje feiing.

Kontaktinformasjon:
Hallingdal brann- og redningsteneste iks Torpomoen 27, 3579 Torpo
Mail: feieavdeling@hallingdal-brannvesen.no 
Tlf: 966 25 425