Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Fastlegeordninga

Måndag 6. juni kjem det ei ny nasjonal IKT-løysing for fastlegeordninga.

Kva er nytt for innbyggarane

På «Min helse» på helsenoreg.no kan innbyggarane finne oversikt over alle fastlegane i landet, samt bytte fastlege om dei ynskjer det. Den viktigaste endringa no er at løysinga vert ny, og vil innehalde betre informasjon om fastlegen og fastlegekontoret.

Det er planlagt fleire forbetringar hausten 2016. Mellom anna tek vi sikte på at bytte av fastlege skal tre i kraft fylgjande verkedag, i staden for den 1. i neste månad, som i dag. Det kjem meir informasjon om dette seinare.

Ikkje høve å bytte fastlege ved overgang til ny løysing

I samband med overgangen til ny løysing, vil dei fleste tenestene ikkje vere tilgjengelege frå og med onsdag 1. juni.
Nedetida gjer at:

Innbyggarar ikkje kan bytte fastlege, korkje på helsenoreg.no eller ved å ringe 800HELSE (800 43 573).
Det vil heller ikkje vere mogleg å søke i oversikt over fastlegar på dei opne sidene.

Sakshandsamarar hos Helfo kan ikkje legge inn nye fastlegeavtalar eller endre eksisterande avtalar.

Tenestene skal etter planen vere tilgjengelige att frå og med måndag 6. juni. I den fyrste perioden kan systemet vere treigt eller ustabilt.

Spørsmål om den nye fastlegeløysinga kan du sende til fastlegeprosjektet@helsedir.no Dette gjeld berre for deg som er informasjonsansvarleg i kommunen.

Informasjon til innbyggarane på nettsidene til kommunen

Vi ser gjerne at de informerer om at det ikkje er mogleg å bytte fastlege i perioden mellom onsdag 1. juni og måndag 6. juni.
Meir informasjon om fastlegeordninga og bytte av fastlege