Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Enklare å betale

opprett eFaktura eller AvtaleGiro

AvtaleGiro: AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av faste rekningar. Det vil seie at banken sørger for at rekningane vert betalt direkte frå kontoen din på forfallsdato. Du beheld full oversikt og kontroll over rekningane dine sjølv om AvtaleGiro-trekka gjerast av banken.

Før forfall - mottek du varsel om kommande betaling. Har du valgt eFaktura i kombinasjon med AvtaleGiro, sendast varselet i nettbanken din. Varselet syner spesifisert beløp og dato for betaling. Du kan enkelt stoppe betalinga i nettbanken eller ved å kontakte banken.
På forfall - belastar banken kontoen din, og overfører beløpet til bedrifta du er kunde hos.
Etter forfall - kan du kontrollere at rekninga er betalt. Kontoutskrifta gjeld som kvittering for betalte rekningar

AvtaleGiro passar godt på rekningar for husleie, kommunale avgifter, barnehage, SFO
eFaktura: Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt rett i nettbanken din. Du slepp å taste lange KID- og kontonumre når du skal betale, det einaste du må gjere er å godkjenne betalinga.

Du kan sjølv velge å endre beløp og forfallsdato på ein eFaktura. Når du har betalt rekninga, oppbevarast den elektronisk i nettbanken. På denne måten har du til ei kvar tid full oversikt over både betalte og ubetalte rekningar. Du kan velge å bli varsla på epost kvar gong du mottek ei ny rekning i nettbanken.

Er du kunde i flere nettbankar, vil eFakturaene dine vere synlege i alle nettbankane, og du kan velge kva for nettbank og konto du ynskjer å betale rekninga frå. Etter betaling arkiverast informasjonen i den nettbanken du valgte til betaling.

Opprett eFaktura eller AvtaleGiro i dag!