Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Bli flyktningvenn

Bli flyktningvenn!

Ål frivilligsentral og flyktningtenesta i Ål kommune har no starta opp tilbodet «Flyktningvenn». Som flyktningvenn vert ein kopla saman med ein busett flyktning (eller flyktningfamilie).

For flyktningane som kjem til Ål vil det vere mykje nytt å setje seg inn i og få oversikt over. Det å ha kontakt med andre i lokalmiljøet vil vera avgjerande for at denne prosessen skal bli vellukka. Den frivillige fungerer som ein vegvisar inn i det nye lokalsamfunnet og er med til å bygge eit nettverk for den enkelte flyktning. Det skapar også ein naturleg arena for å praktisere norsk. Målet er å integrere og inkludere flyktningar som kjem til Ål på ein god måte.

Frivilligsentralen og flyktningtenesta set flyktningar og flyktningvenner i kontakt med kvarandre. Vi har som mål å kople frivillige og flyktningar som har noko felles, enten det gjeld alder, livssituasjon, interesser, yrke eller utdanning. De treffast på eigehand og avgjer saman kva de skal gjere.

Aktiviteten bygger på likeverd mellom flyktning og flyktningvenn. Har du lyst til å vere flyktningvenn? Bruk dette skjemaet for å registrere deg

Torsdag 15. oktober kl. 18.00 inviterer vi til informasjonsmøte om Flyktningvenn på Frivilligsentralen.


Ta kontakt med Ål frivilligsentral (
frivilligsentralen@aal.kommune.no) dersom du ønskjer meir informasjon. Meld deg til frivillig innsats som flyktningvenn - dette gjer deg moglegheit til å knytte nye kontaktar, få ny kunnskap og samtidig gjere ein viktig samfunnsinnsats!