Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Utbygging Ål kulturhus

Det var frist 29.03.2017 på å melde seg som interessert i å bygge ut Ål kulturhus. Ål kommune søkte etter ein totalentreprenør. Dvs eit entreprenørfirma som har knytta til seg arkitekt og andre konsulentar, samt andre fagfolk.
Dei skal kome med forslag til teikningar og pris på ei utbygging av Ål kulturhus. 
 

Mest Bygg AS og Veidekke Entreprenør AS, avdeling Hallingdal er prekvalifisert til å vere med i konkurransen.  

Konkurransegrunnlaget vart sendt ut 4. april 2016.
Det er frist 2. juni på å kome med eit løysingsforslag og ein målpris for prosjektet.

Etter dette vil Ål kommune gjere ei vurdering av dei to alternativa og gjere et val før sommaren 2017.
Vidare vil det bli ein samspelfase med den valgte entreprenøren hausten 2017. Mål er byggestart over nyttår 2018.