Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

10 turfavorittar i Ål

Den 29. oktober var det ei lita markering i kulturhuset med informasjon, trekking av premiar og utdeling av Ål-52 krus. Ettersom 2015 har vore Friluftslivets år har turane fått ekstra merksemd gjennom det. På nettside og APP til ut.no og visitnorway.com finn ein no info om alle Ål52-turane som har vore ein turfavoritt. Dette som supplement til info’n på www.aal52.no 

Litt resultat:

• Litt over 12.000 namn registrert i turbøkene på dei 10 utvalte turane, ei dobling frå 2014.

• Turen til Dyna var mest besøkt, 1828 personar har vore der.

• Heile 850 klyppekort har vore i bruk (mot 220 stk i 2014).     

• 267 klyppekort vart levert inn med 8,9 elle 10 turar gjennomført.

• I fotokonkurransen på Instagram vart det posta ca. 400 bilete med   #ål52/#aal52. Vinnarbilete vart Ingvild  Brye sitt foto frå Såta.

27 nasjonalitetar er registrert i dei 10 turbøkene på favoritturane.

Premiering
Stor takk til dei som sponsa årets premiar; Skarslia Ski- og Akesenter, Hallingdal Feriepark, G-Sport Ål, Norli Ål og Thon Hotel Hallingdal.

2016
Då fortset vandreprogrammet med 10 nye turfavorittar,  ny type klyppekort, ny brosjyre og framleis attraktive premiar og Ål52-krus.

Julegåvetips
Klyppekort for 2016 kan vere ei fin gåve både til jul og bursdag. Kortet blir å få kjøpt hjå Ål Turistinformasjon, G-Sport og Norli Ål frå fyrst i desember.

Les meir på www.aal52.no, og følg med utover våren og sommaren.