Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kulturpris og stipend 2016



Vinnar av Ål kommunes kulturpris:

Hallgrim Berg er ein kulturell bauta i lokalsamfunnet Ål og i Hallingdal. Han har spelt ei uvurderleg rolle i kulturlivet i Ål, mellom anna som ein sentral aktør i Ål Spel- og Dansarlag og i Folkemusikkdagane gjennom ei årrekkje, gjennom TV- og radioprogram om folkemusikk og -dans, gjennom dokumentasjon av lokal folkemusikktradisjon og som utøvar på munnharpe og seljefløyte. Han har også lagt ein stor innsats ned i målarbeid, bokprosjekt av stor lokalhistorisk verdi og anna kulturell verksemd.

Hallgrim Berg

Vinnar kulturstipend for ungdom: Eirik Fuglesteg Luksengard (f. 1992) har markert seg som ein framifrå dansar og artist. Han har fleire sigrar i juniorklassane på kappleik, kvalifiserte seg snøgt til A-klassa på kappleik både i pardans og laus og har i desse klassane  vore beste halling på Landskappleikar fleire gonger. Utteken til det to-årige Frikarakademiet i 2008 har han hatt mange oppdrag for Frikar Dance Company, og han er også aktiv i det Tromsøbaserte dansekompaniet Kartellet.

Eirik Fuglesteg Luksengard

Vinnar idrettsstipend for ungdom: Robert André Ruud (f. 1995) satsar på toppnivå innan alpinidretten twintip. Han har mellom anna vunneNM i Big Air i 2015, og i år kom den fyrste sigeren i eit Norgescup-renn i slope style. Han oppnådde andreplass i Norgescupen samanlagt, vann Høkkers invitational i Vågå og kongepokal i NM i slope style. Robert André Ruud har tidlegare vore på juniorlandslaget, kjempar no om plass på seniorlandslaget og er klar for deltaking i world-cup renn.

Robert Andrè Ruud

Robert Andrè Ruud

Vi gratulerer vinnarane!