Hjelp til det meste
Servicetorget held til i Tingstugu i Ål, og har opningstid frå kl. 09.00- 15.30 kvar dag frå måndag- fredag. Tlf. nr.: 32 08 50 00.
Hit skal du venda deg for hjelp til søknad om barnehageplass, byggemelding, næringssaker, tilskot og løyvingar, bustøtte, transportløyve og mykje, mykje meir.
Alle kommunale tenester skal servicetorget kunne hjelpe deg med, eller vi skal kunne gje deg rette kontakten vidare.