Tilskot til private fjellvegar

Bilete av veg

Ål kommune gir tilskot til drift og vedlikehald av private fjellvegar

 
Vegstyret får automatisk overført tilskotet ein gong i året. Viss det er endringar i veglengde eller kontonummer, ver snill og gje skriftleg melding om det.
 
 

Reglar for kommunalt tilskot til vedlikehald av private fjellvegar i Ål

1.
Vilkåret for tilskot til private fjellvegar er at vegen er til nytte for jordbruksformål og at den blir halden forsvarleg vedlike og såleis er godt farbar med bil.

2.
Vegar som oppfyller krava til tilskot får utbetalt årleg tilskot utan søknad, og utan omsyn til bompengar eller andre inntekter. Av praktiske grunnar må kvar veg opprette post- eller bankgiro som tilskotet kan overførast til.
Tilskotet kan falle bort dersom det ikkje blir sytt for innkrevjing av moglege trafikkinntekter, så som hytte- og bomavgift.

Ansvarshavande for vegen må melde frå skriftleg til kommunen om endringar i veglengd, kontonummer og/eller kontaktperson.

3.
Kvalifiserte vegar blir av Ål kommune plassert i ein av fylgjande 3 klasser
Sterkt trafikkert veg - kl I
Middels trafikkert veg - kl II
Lite trafikkert veg - kl III

4.
Tilskotet blir fastsett pr. lengdemeter veg.
Forholdet mellom tilskotssatsane for dei 3 klassane, rekna frå I til III skal vera 2 : 1,5 : 1.
Tilskotssatsane blir å fastsette for kvart år i forhold til registrert veglengde og budsjettert sum.

Tilskotssatsar

Veger som er kortare enn 500 m blir det ikkje gjeve tilskot til.

Sterkt trafikkert veg - kl I: kr 0.60 pr lengdemeter
Middels trafikkert veg - kl II: kr 0.45 pr lengdemeter
Lite trafikkert veg - kl III: kr. 0.30 pr lengdemeter
Publisert
03.12.2007
Sist endra
03.12.2007
Publisert av
Reidun Aaker

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune