Tryggleiksalarm

Omtale

Bilete av tryggingsalaram

Brukaren ber tryggleiksalarmen på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggleiksalarmen er knytta til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleien. Vaktsentralen eller personellet i kommunen rykkjer ut heile døgnet dersom alarmen går.

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu åleine.

Vilkår

Den som får tildelt tryggleiksalarm, må av helsemessige grunnar ha ein høg risiko for å skade seg og som følge av det vere ute av stand til å tilkalle hjelp per telefon.  Brukaren må forstå bruken av tryggleiksalarmen og må bruke den.  Det må vera telefon analog linje til bustaden. 

Rettleiing

Servicetorget eller pleie-og omsorgstenesentene kan gi hjelp til å søkje om tryggleiksalarm.
Dersom ein annan søkjer i ditt namn, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsskjema

Helse- og sosialsektoren i Ål kommune har eitt felles søknadsskjema;
Søknad om tenester frå helse- og sosialsektoren.

 

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Klage

• Klage over vedtaket skal sendast til tildelingsteamet og deretter til Helsetilsynet i fylket. 
• Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. 
• Klagen skal oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for dette. Tildelingsteamet/saksbehandlar vil kunne gi rettleiing. 
• Klagen skal sendast tildelingsteamet. Held kommunen fast på avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Mottakaren av helsetenester kan også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast tildelingsteamet eller direkte til tjenesteytaren, slik at saka kan bli løyst på lågaste nivå.

Kontaktinformasjon

Pleie- og omsorgskontoret tlf. 32 08 52 29
Avd.leiar heimetenestene tlf. 32 08 52 41

Annen informasjon

Søkeord

tryggleik, alarm, eldre, funksjonshemma, utrygg, trygg, hjelp, redd, åleine

tryggleik, alarm, eldre, funksjonshemma, utrygg, trygg, hjelp, redd, åleine

Publisert
09.07.2008
Sist endra
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune