Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordninga)

Omtale

Transporttenesta skal gi funksjonshemma som er avhengige av dør-til-dør-transport, eit tilbod  for at dei skal ha høve til å delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik linje med andre. TT-ordninga skal berre brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapeut eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

Målgruppe

Funksjonshemma

Vilkår

Personar som på grunn av si funksjonshemming vanskeleg kan nytte seg av det ordinære kollektivtilbodet i kommunen.

Funksjonshemminga må vare i over eitt år.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Tenesta er ikkje lovpålagd.

Forvaltningslova 

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å skrive søknaden. Bilete og legeerklæring må følgje søknaden.

Dersom ein annan søkjer i din stad, må vedkomande ha fullmakt.


 

Søknadsskjema

Søknadsskjema finn du her, eller du kan vende deg til Servicetorget.

Søknadsfrist

1. februar kvart år.

Saksbehandling

Klage

  • Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. 
  • Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. 
  • I klagen skal du oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for dette. Kommunen kan hjelpe deg med å skrive klagen.
  • Du vil bli underretta om utfallet av klagebehandlinga.
  • Klientutvalet er klageinstans.

Kontaktinformasjon

Servicetorget

Annen informasjon

Meir informasjon finn du på Buskerud Fylkeskommune si heimeside.

Søkeord

TT, transport, teneste, funskjonshemma, rørslehemma, bil, sjuketransport, lege, besøk, reise
Publisert
09.07.2008
Sist endra
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune