Støttekontakt

Omtale

Støttekontakten tilbyr m.a. sosialt samvær etter behov og følgje (leiing)  til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal baserast på ønske, behov og føresetnader for kvar einskild brukar.

Tenesta kan organiserast på tre måtar

  • individuell støttekontakt 
  • deltaking i ei aktivitetsgruppe 
  • individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon 

Målgruppe

Personar og familiar som har behov på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem.

Vilkår

Dei som ikkje kan ha omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet, har krav på støttekontakt.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Dette er ei lovpålagd, gratis teneste. Utgifter som støttekontakten har, skal ikkje belastast brukaren.

Sosialtenestelova kap. 4

Forvaltningslova

Rettleiing

Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søknaden.

Dersom ein annan søkjer i ditt namn, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

avlasting, stønad, kontakt, fritid, hjelp, samvær, aktivitet, omsorg
Publisert
09.07.2008
Sist endra
31.08.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune