Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Omtale

Spelemidlar til idrettsformål skal medverke til at ein større del av samfunnet får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Kommunen gir rettleiing og behandlar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv. Det kan søkjast om tilskot til

  • nybygg av idretts- og friluftsanlegg 
  • rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg 
  • nærmiljøanlegg

Målgruppe

Søkjarar av tilskot frå overskotet av spelemidlane til idrettsanlegg, kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, burettslag eller andre organisasjonar.

Søkjarar av tilskot frå spelemidlar til nærmiljøanlegg kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, velforeiningar, burettslag, partslag eller andre organisasjonar.

Vilkår

Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det er ein føresetnad at organisasjonane gir sine innspel i planprosessen i samband med kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Alle søknader skal fremjast på elektronisk søknadsskjema frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Kommunen mottek søknadene elektronisk.

Kulturkontoret klargjer søknadene for politisk handsaming og vidaresender desse til fylkeskommunen.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • Klagen sender du til den instansen i fylkeskommunen som har fatta vedtaket.
  • I klagen skal du oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for det.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet er klageinstans for vedtak fatta av fylkeskommunen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i fylkeskommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til departementet.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

midel, idrett, ski, fotball, bane, løype, hall, gymnastikk, turn, friluft, anlegg, fysisk, aktivitet, trening, tur
Publisert
09.07.2008
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune