Skilting - reklameskilt/skilt langs vei

Omtale

Når reklameskilt eller liknande innretningar skal plasserast ved kommunal veg eller retta mot trafikken (synleg for vegfarande), må det søkjast om løyve.

Dersom kommunen vurderer skiltet/innretninga til  ikkje å vere trafikkfarleg, vil det bli gitt eit permanent løyve for eit bestemt tidsrom eller inntil vidare.
Blir reklameskilt eller liknande innretning sett opp utan løyve eller i strid med veglova § 33, kan kommunen kreve det fjerna.

Dersom den ansvarlege ikkje fjernar innretninga innan den fristen kommunen har sett, vil kommunen fjerne skiltet/innretninga og den ansvarlege må dekkje kostnaden. Kommunen kan avstå frå å sende varsel dersom det av omsyn til trafikktryggleiken hastar med å fjerne skiltet.

Målgruppe

  • Næringsdrivande
  • Organisasjonar
  • Privatpersonar

som ønskjer å setje opp skilt/liknande innretningar for kommersielle eller ideelle reklame- og informasjonstiltak.

Vilkår

Det må søkjast om løyve når ein ønskjer å setje opp skilt/liknande innretningar for å informere om næringsverksemd, eit produkt eller eit lokalt tiltak (kulturarrangement, loppemarknad, valkampanje med vidare).

Med skilt/liknande innretningar  reknar ein alt frå skilt til dekor i vindaugar, flagg, ballongar, lys med vidare.

Namneskilt eller reklame for eiga verksemd kan plasserast på foretaket sin bygning utan løyve, gitt at det ikkje vert rekna som  trafikkfarleg.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Dersom du er usikker på om reklamen eller skiltinga er søknadspliktig, bør kommunen kontaktast på førehand.

Når skiltinga er søknadspliktig, skal ein nytte byggjeblanketten 'Søknad om tiltak utan ansvarsrett' eller 'Søknad om løyve til tiltak'. Kontakt kommunen om du treng meir informasjon om søknadsrutinene ved søknadspliktige tiltak.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn etter reglane i forvaltningslova § 11 a.

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

Skilt, reklame, informasjon, merking, trafikk, veg, banner, plakat, billboard
Publisert
18.11.2010
Sist endra
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune