Salsløyvet gjeld for sal og utlevering av alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 % alkohol (gruppe 1). Løyver blir gjeve for maksimum fire år om gongen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at den instansen som gir løyvet, har fått melding om dette, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Butikkar som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholprodukt med høgst 4,7 % alkohol kan søkje om salsløyve.
Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Det krevst god vandel. Løyvehavaren skal peike ut ein styrar og ein nestleiar som er tilsett ved salsstaden. Styrar og nestleiar må ha greidd kunnskapsprøva om alkohollova. Kunnskapsprøva blir gjennomført på Servicetorget. Begge personane må vere over 20 år, og dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova.
Prisar:
Ruspolitisk handlingsplan for Ål kommune
Alkohollova
Alkoholforskrifta
Det krevst skriftleg søknad. Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Servicetorget.
Endringar i løyvet kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar og nestleiar, endringar i driftskonsept eller endringar i eigartilhøvet. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endringar skal sendast kommunen.
Søknadsskjema - sal av alkoholhaldig drikk
Søknader blir behandla etter kvart.
Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer å endre i vedtaket og ei grunngjeving for dette. Klageinstansen er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.
Eit salsløyve gjeld inntil 4 år og følgjer kommunestyreperioden om ikkje anna er vedteke.
rus, ruspolitisk, salg, bevilling, nestleiar, planlegging, kontroll,
Ål kommuneServicetorgetTorget 1, 3570 Ål, Telefon: 3208 5000Send e-post til Ål kommune