Restskatt

Omtale

Restskatt oppstår fordi det er betalt for lite skatt, og den må betalast sjølv om ein ankar på likninga. Restskatt over kr 1000 forfell til betaling i to terminar. Betaling skjer til skatteoppkrevjaren sin bankkonto. Det er også høve til å nytte elektronisk betaling med bruk av KID. KID-nummeret står nede til venstre på den tilsende giroen. KID-nummer kan ein også få ved å kontakte skatteoppkrevjaren eller på www.skatteetaten.no. Forfallstidspunktet går tydeleg fram av giroen. Betaling kan også skje ved oppmøte på skatteoppkrevjarkontoret.

Dersom ein ikkje betaler, kjem det til tilleggsrenter (”forsinkelsesrenter”) frå forfall og fram til betaling skjer. Blir ikkje kravet betalt friviljug, vil skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinndriving, og kostnader vil då kome i tillegg i samsvar med rettsgebyrlova.

Dersom skattytaren er usamd i likninga, blir klaga å sende til skattekontoret. Fristen for klage på likninga er generelt tre veker etter kunngjering. Når skattytaren har levert førehandsutfylt sjølvmelding, og er omfatta av den første skattelista som blir lagd ut, skal klage over likninga leverast innan 10. august eller innan seks veker etter at utlegginga vart kunngjord.

Målgruppe

Personar som har fått restskatt etter likning (skatteoppgjeret).

Vilkår

Samarbeidspartnarar

Skattekontoret fastset kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kemner/kommunekasserar) handterer innbetalingar og set i verk innkrevjing.

Nærståande tenester

Lover

Skattebetalingsloven kap. IV og VI
Skattebetalingsloven

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Andre dokument:
Meir informasjon finn du på heimesidene til skatteetaten under emnet  Restskatt

Søkeord

kemner, kommunekasse
Publisert
06.02.2009
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune