Reguleringsplan - privat

Omtale

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som seier noko om bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader.

Kommunestyret sørgjer for at det blir utarbeidd reguleringsplan for dei områda i kommunen der dette følgjer av lova eller av arealdelen av kommuneplanen, samt der det elles er behov for å sikre forsvarleg avklaring og gjennomføring av byggje- og anleggstiltak, fleirbruk og vern i forhold til  private og offentlege interesser.

For gjennomføring av større byggje- og anleggstiltak, og andre tiltak som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, krevst det reguleringsplan. Løyve for slike tiltak kan ikkje bli gitt før det ligg føre reguleringsplan. Krav til reguleringsplan gjeld ikkje for konsesjonspliktige anlegg for produksjon av energi etter energilova, vassressurslova eller vassdragsreguleringslova.

Reguleringsplan skal utarbeidast i samanheng med arealdelen av kommuneplanen eller som eigen planprosess.

Reguleringsplan skal utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.

Områderegulering
Områderegulering skal brukast av kommunen der det er krav om slik plan i arealdelen av kommuneplanen, eller når kommunen finn at det er behov for å gi meir detaljerte områdevise avklaringar om arealbruken.

Områderegulering skal utarbeidast av kommunen. Kommunen kan likevel overlate til andre etatar og private å utarbeide forslag til områderegulering.

Detaljregulering
Detaljregulering skal brukast for å følgje opp arealdelen av kommuneplanen, eventuelt dersom det er eit krav i den vedtekne områdereguleringsplanen. Detaljregulering kan skje som utfylling eller endring av vedtatt reguleringsplan.

Rett til å kome med forslag til reguleringsplan vil seie at forslagsstillaren har krav på at forslaget (som må oppfylle visse minstekrav til framstilling) skal bli teke imot og gitt ei handsaming og vurdering i kommunen. Det vil seie at det blir teke standpunkt til om det private forslaget skal følgjast opp ved at det blir utarbeidd og fremja ein reguleringsplan for det aktuelle arealet.

Privat forslag må innhaldsmessig følgje opp hovudtrekk og rammer i arealdelen av kommuneplanen og dei områdereguleringane som ligg føre.

Målgruppe

Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre som planen får noko å seie for.

Vilkår

Når planarbeidet blir sett i gong, skal offentlege organ og andre interesserte varslast. Planspørsmålet skal leggjast fram for planetaten i møte. Ein vil då få råd om planen bør utarbeidast. Kommunen kan og hjelpe til med råd om korleis planen bør utarbeidast.

Ved utarbeiding av reguleringsplan er det ein føresetnad at det blir nytta fagleg ekspertise, medverknad/høve for vedkomande partar til å kome med merknader, og kunngjering etter føresegnene i plan- og bygningslova.

Samarbeidspartnarar

Kommunen informerer om eventuelle interessentar eller instansar som har plikt til å uttale seg om planen.

Nærståande tenester

Rettleiing

Kommunen vil kunne gi råd om arbeidet skal setjast i gong, korleis det skal gå føre seg, og hjelpe til med planlegginga.

Vedlegg
Dokumentasjon kan vere: 

  • plankart og ev. føresegner for formålet
  • omtale
  • teikningar
  • utgreiingar i samsvar med kommunale føresegner
  • konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova når det er relevant for saka.

Du vil få opplysningar om kva som skal vere med av dokumentasjon. Dokumentasjonen skal følgje planen ved offentleg ettersyn og ved framlegging i kommunestyret.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Det endelege vedtaket i planutvalet kan ankast til Fylkesmannen. Klaga må fremjast innan tre veker etter at vedtaket er kunngjort. Klaga kan ikkje gjelde tilhøve som er blitt avgjort tidlegare gjennom klage eller innvending mot områdeplan eller detaljplan. Klaga skal stilast til Fylkesmannen og sendast til planutvalet som kan revurdere saka eller sende klaga til Fylkesmannen, som avgjer saka. Vedtaket til Fylkesmannen er endeleg.
  • Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjeringa.

Kommunen vil kunne gi råd ved utforming av merknader, klager o.a.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Andre dokument:
Kart og data/geodata kan tingast gjennom kommunen.

Søkeord

arealplanlegging, busetnadsplan, ekspropriasjon, reguleringsforskrift, samfunnsplanlegging, vegbygging, byggjesak, detaljplan
Publisert
06.02.2009
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune