Reguleringsplan - offentleg

Omtale

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som seier noko om bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader.

Kommunestyret sørgjer for at det blir utarbeidd reguleringsplan for dei områda i kommunen der dette følgjer av lova eller av arealdelen av kommuneplanen, samt der det elles er behov for å sikre forsvarleg avklaring og gjennomføring av byggje- og anleggstiltak, fleirbruk og vern i forhold til  private og offentlege interesser.

For gjennomføring av større byggje- og anleggstiltak, og andre tiltak som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, krevst det reguleringsplan. Løyve for slike tiltak kan ikkje bli gitt før det ligg føre reguleringsplan. Krav til reguleringsplan gjeld ikkje for konsesjonspliktige anlegg for produksjon av energi etter energilova, vassressurslova eller vassdragsreguleringslova.

Reguleringsplan skal utarbeidast i samanheng med arealdelen av kommuneplanen eller som eigen planprosess.

Reguleringsplan skal utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.

Områderegulering:
Områderegulering skal brukast av kommunen der det er krav om slik plan i arealdelen av kommuneplanen, eller når kommunen finn at det er behov for å gi meir detaljerte områdevise avklaringar om arealbruken.

Områderegulering skal utarbeidast av kommunen. Kommunen kan likevel overlate til andre etatar og private å utarbeide forslag til områderegulering.

Detaljregulering:
Detaljregulering skal brukast for å følgje opp arealdelen av kommuneplanen, eventuelt dersom det er eit krav i den vedtekne områdereguleringsplanen. Detaljregulering kan skje som utfylling eller endring av vedtatt reguleringsplan. 

Detaljregulering er ein plan for bruk og vern av mindre område, og for utforming, bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg. Detaljregulering er planforma for gjennomføring av utbyggingsprosjekt og tiltak, vernetiltak og sikring av ulike typar verdiar. Den erstattar tidlegare detaljert reguleringsplan og utbyggingsplan.

Detaljregulering kan gjerast av kommunen og private forslagsstillarar.

Målgruppe

Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre som planen får noko å seie for.

Vilkår

Reguleringsplanar blir utarbeidde mellom anna for område i kommunen:

  • når kommunen har vedteke det i arealdelen i kommuneplanen
  • når det er nødvendig for oversiktsplanlegginga i kommunen
  • dersom det skjer endringar i bygningsmassen pga. øydelegging (t.d. brann).

For større byggje- og anleggsarbeid er det ei plikt å utarbeide reguleringsplan for området. Overordna planar på nasjonalt nivå, fylkesplan og kommunen sin eigen arealplan, er retningsgivande for planane.

Samarbeidspartnarar

Offentlege styresmakter og organisasjonar med særleg interesse for reguleringsplanen skal takast med i førebuingane. Nabokommunar, fylkeskommunar og statlege fagorgan skal uttale seg (med ein gitt frist) om planen før vedtak i kommunestyret, og kan kome med innvendingar mot planen.

Nærståande tenester

Rettleiing

Nærmare opplysningar ut over kunngjering i media kan du få ved å kontakte kommunen, som også vil kunne hjelpe deg med å utforme merknader eller klager.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Det endelege vedtaket i kommunen kan ankast. Begge partar og andre med rettsleg klageinteresse kan anke saka. Klaga må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klaga kan ikkje gjelde tilhøve som er avgjorde tidlegare gjennom klage eller innvending på områdeplan eller detaljplan. Klaga skal stilast til Fylkesmannen og sendast til det faste utvalet for plansaker. Utvalet kan enten gjere framlegg om at kommunestyret endrar vedtaket, eller sende klaga til Fylkesmannen, som avgjer saka. Vedtaket til Fylkesmannen er endeleg.
  • Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjeringa.

Kommunen vil kunne gi råd ved utforming av merknader, klager, osb. 

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Andre dokument:
Dokumentasjon med plankart og ev. føresegner for formålet, omtale, teikningar o.a. følgjer saka ved offentleg ettersyn.

Søkeord

arealplanlegging, busetnadsplan, ekspropriasjon, reguleringsforskrift, samfunnsplanlegging, vegbygging, byggjesak, detaljplan
Publisert
06.02.2009
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune