Radon
Omtale
Radon er ein usynleg og luktefri edelgass som blir danna ved nedbryting av grunnstoffet radium. Av radon blir det danna såkalla "radondøtrer". Ved innanding kan desse feste seg til bronkiane og luftvegen og gi helseskadeleg stråling. Høge konsentrasjonar innandørs kan vere ei medverkande årsak til auka risiko for lungekreft.
Radongass kan kome inn i bustader gjennom sprekker eller hol i kjellargolv, grunnmur, rundt rørgjennomføringar, sluk osb.
For alle nybygg skal det setjast i verk tiltak som hindrar inntrenging av radongassar.
Husbanken har tidlegare gitt tilskot til tiltak mot Radon. I samband med dette tilrådde Husbanken 2 målingar (2 dosimeter), sidan det gir ein betre kontroll. Husbanken har for tida ingen middel til slike tiltak.
Kommunen kan gi hjelp til å utføre målingar av radonkonsentrasjonen i eksisterande bustader.
Vilkår
Servicetorget gir kundar som tek kontakt, informasjon om prisar og prosedyrar for radonmåling i bustader.
Det kan tingast måleutstyr når målesesongen startar (ca. oktober).
Lover
Nytt bygg:
- Radon-membran bør brukast under bygget. Konferer med leverandør før du startar på grunnmuren.
Eksisterande bygg:
- Radon-membran kan også brukast innandørs for å tette mot grunnen. Dette kan vere vanskeleg etter som det er innfløkt å tette der deleveggar og andre konstruksjonar står. Det vil lett oppstå lekkasjar.
- Det kan ventilerast i bustaden med ymse typar ventilasjon. Balansert ventilasjon eller lufteluker ved låge verdiar.
- Radon-brønn; Det blir då ventilert i grunnen under huset, gassen blir fjerna før han kjem opp i bygget.
Informasjon om radon (Statens strålevern)
Rettleiing
Servicetorget kan gi informasjon om målinga. Det kan tingast måleutstyr når målesesongen startar (ca. oktober).
Søkeord
strålevern, innemiljø, inneklima