Parkeringsløyve for rørslehemma

Omtale

Parkeringsløyve blir gitt til bilførarar eller passasjerar som har særleg behov for parkeringsletter knytta til bustad, arbeid og annan aktivitet. Ein får til vanleg løyve for 2-5 år.

Parkeringsløyve gir rett til å parkere på offentleg skilta og reserverte parkeringsplassar utan betaling av avgift  og utan å følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om anna).

Målgruppe

Personar som ikkje kan gå, eller som har store vanskar med å forflytte seg over ei viss  lengd.

Vilkår

Personar som har vanskar med å kome seg fram.

Nærståande tenester

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.

Forvaltningslova

Forskrift om parkering for forflytningshemmede

Rettleiing

Kommunen kan  kontaktast for hjelp til å søkje om parkeringsløyve. Søknadsskjema får ein enten på kommunen sine internettsider eller ved å kontakte servicesenteret i kommunen.

Søkjar må levere legeattest og bilete.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.

Saksbehandling

Klage

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. 
I klagen skal ein oppgje kva ein ønskjer endra i vedtaket, og gje ei grunngjeving for dette.
Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Tenesta er gratis.

Søkeord

parkering, bil, løyve, flyttingshemma, funksjonshemma, løyve, passasjer, bilførar, moped, motorsykkel
Publisert
09.07.2008
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune